Hopp til innhold

– Bamble må med i belønningsordningen

Fremskrittspartiets Thorleif Fluer Vikre reagerer på at Bamble kan bli halden utanfor belønningsordningen for kollektivtransport.

Bompenger/Thorleif Vikre

Thorleif Fluer vikre liker ikke bompenger, men vil gjerne ha Bamble med i belønningsordninga

Foto: NRK

Onsdag skal fylkestinget vedta avtalen med Samferdselsdepartementet om ein fireårig belønningsordning for bedre kollektivtransport i Grenland.

Sidan Bamble kommunestyre sa nei til Bypakke Grenland med bompengefinansiering, blir dei også halden utanfor denne ordninga som gir Grenlandskommunane 215 millionar kroner frå Staten over 4 år. Dette går fram av saksutgreiinga til Fylkestinget.

– Dette blir heilt galt. Bamble er ein naturleg del av kollektivnettet i Grenland, og dermed må også kollektivtilbodet i Bamble byggast ut samtidig som resten av Grenlandskommunane, seier gruppeleiar i Fremskrittspartiet, Thorleif Fluer Vikre.

Lukter takk for sist

Han meiner vedtaket i Bamble kommunestyre om å seie nei til bypakka med bompengeinnkreving, ikkje er til hinder for at kommunen får del i belønningsmidlane frå Staten til nettopp bedre kollektivtilbod og redusert biltrafikk.

Terje Riis-Johansen

Fylkesordførar Terje Riis-Johansen (Sp) meiner Bamble kommune kan takke seg sjøl.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Staten ved Samferdselsdepartementet har gitt Grenlandskommunane og Telemark fylkeskommune tilsagn om 215 millionar kroner fordelt over fire år. Det kjem 35 millionar kroner i år, og 60 millionar kroner kvart år dei neste tre åra.

– Det luktar eit takk for sist frå det raud grøne fleirtalet i fylkestinget, når dei no vil halde Bamble kommune utanfor belønningsordningen, seier Fluer Vikre.

Bamble sa sjøl nei

Fylkesordførar Terje Riis-Johansen (Sp) seier at belønningsordningen er ein del av bypakka:

– Dette sa Bamble kommunestyre nei til. Hadde dei tre andre kommunane, Porsgrunn, Skien og Siljan gjort det same, hadde vi ikkje hatt ei bypakke for Grenland, og heller ikkje belønningsmidlane, seier han.

Les også: