Hopp til innhold

– Kvinner er betre dørvakter

– Kvinner er betre dørvakter enn gutar. Dei er flinkare til å roe ned ein situasjon, og terskelen for å slå ei kvinne er høg. Gutar med musklar kan provosere.

Steffen Steffensen, Lundetangen Pub

Kvinner er flinke dørvakter, meiner Steffen Steffensen ved Lundetangen Pub.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Det seier Steffen Steffensen som eig og driv Lundetangen Pub i Skien. Det har han gjort i 14 år. Steffensen meiner det er eit unnatak at det skjer slike tragiske dødsfall blant dørvakter i Grenland.

- Det finst ikkje ord for å beskrive at slike ting kan skje på ein utestad. Det er forferdeleg for barna, familie, venner og arbeidskolleger. Ei slik hending rammar heile utelivsbransjen i Grenland.

Høg terskel for å slå

Ved Lundetangen Pub er det tretten dørvakter, og dei fleste er kvinner.

- Eg meiner kvinnene er betre enn gutta med oksenakke. Min erfaring er at kvinner har ein betre evne til å roe ned situasjonane. For terskelen for å slå til ei kvinne mykje høgare, og ein gutt kan kanskje provosere meir enn han klarar å roe ned, seier Steffensen.

Han meiner kvinnene taklar vanskelege situasjonar smidigare enn guttane.

- Vi driv jo ikkje med kampteknikk, så viss det er nokon som går til fysisk angrep så har vi ikkje fått opplæring til å legge folk i bakken eller legge dei i jern.

Alle har dørvaktkurs

Men alle dørvaktene har gått ordensvaktkurs i regi av politiet. Og pubben har følgd opp alle kurs og pålegg dei har fått av kommunen.

- Fram til nå har det fungert bra, og eg trur politiet også er fornøgd med den situasjonen vi har i Grenland no.

Eit nytt direktiv frå styresmaktene krev vektarkurs for dørvakter.

- Det er for tidlege å spekulere i om det kunne ha hatt noko å seie for utfallet i Porsgrunn, seier Steffensen.

Han meiner det burde vore lage eit kurs som var meir retta inn mot utelivsbransjen. For ved dei fleste utestadene er det veldig roleg. Det er liksom ikkje behov for å ha balltre eller strips.

(Artikkelen fortset under biletet)

Steffen Steffensen, Lundetangen Pub

Aller dørvaktene ved Lundetangen Pub har dørvaktkurs i regi av politiet.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Skal vere trivselvakt

- Kva er eigentleg oppgåva til ei dørvakt?'

- Vi kallar det gjerne ei trivselsvakt som skal ønskje folk velkomen. Dei kan jo sjå folk når dei kjem gåande oppover gata eller kjem ut av drosja, om dei har ustø gange, og luke ut folk før dei kjem inn og vi får problema på innsida. Og sørge for at det er ein hyggeleg stemning, sjølv om folk må stå på utsida i køen, seier Steffensen.

Steffensen trur dødsfallet i Porsgrunn var eit enkelt tilfelle og at det var maksimal uflaks at det fekk eit slikt tragisk utfall for dørvakta.

- Men det er vanskeleg å hindre at slike ting skal skje igjen. Dette vil prege heile utlivsbransjen i Grenland, og rutinene for dei som står i døra vil nok bli gått gjennom på nytt. Denne episoden går sterkt inn på alle som jobbar ved utestadene, seier Steffensen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark