Drivar av Telemark kanalcamping i Lunde, Erling Skoe, meiner det betyr færre turistar på kanalen, og dermed tapte inntekter for turistnæringa i fylket.
Dei siste dagane har Erling Skoe køyrt alt av kanoar og utstyr sett i hus på land for vinteren.
– Vi har stengt av vatnet, for no kjem frosten, seier Skoe.
Les også:
(Artikkelen held fram under bilete)
Veldig fin å padle
Sesongen er over på kanalcampingen for i år. Driver Erling Skoe peikar oppover i vassdraget, og fortel om turar med kano og kajakk.
– Strekninga Lunde, Hogga og Kjeldal sluser er veldig fin for dei som vil padle.
Skoe fortel at på grunn av Hogga kraftverk der vatnet går inne i fjellet til nedanfor Lunde, så betyr det at folk kan padle i elva sjølv om det er flaum. fordi det blir så lite vassføring.
Men det er ein annan grunn til at folk ikkje kan padle heile vegen.
– Det er sett opp ei elektrisk fiskesperre før du kjem til Kjeldal sluse, og dermed er slusa blitt stengt for kajakk og kanoar. Så no må du trille dei 330 meter for å kome forbi, seier Skoe.
Les også:
(Artikkelen held fram under bilete)
Ber om uavhengig vurdering
Skoe meiner det er stor forskjell på opplevinga med å kunne padle heile vegen opp til slusa og bli slusa forbi, samanlikna med å måtte trille kajakkar og kanoar på land.
Skoe har nå sendt eit brev til Fylkesmannen i Telemark, som har ansvar for fiskesperra.
Han ber om at det blir sett ned ei uavhengig arbeidsgruppe som kan sjå på og bidra til å få fri ferdsel forbi Kjeldal sluse igjen.
– Litt av føresetnaden for å bygge fiskesperra var at det ikkje skulle gå ut over ferdselen i kanalen. Men det har det heilt tydeleg gjort, seier Skoe.
Les også:
Kan ikkje love erstatning
Hos Fylkesmannen i Telemark sit Miljøverndirektør Hans Bakke og les brevet frå Erling Skoe.
Bakke sin første reaksjon er at han har vanskar med å sjå at det er grunnlag for erstatning.
– Fordi det er framleis mogleg å padle på kanalen, og det kan kanalcampingen marknadsføre, seier Bakke.
Men Bakke understrekar saka ikkje er blitt vurdert grundig enno.
– Og eg lovar ei skikkeleg vurdering i samråd med våre juristar, seier Bakke.
Les også:
Skal ta vare på storauren og muslingen
Det har vore mykje støy rundt fiskesperra, og fleire spørsmål rundt om den verkar som den skal og har ei hensikt. Det har den, forsikrar Bakke.
– Fiskesperra er etablert med eit viktig føremål, og det er å ta vare på den flotte stamma av storaure i Bandak og elvemusling i øvre delen av vassdraget som også er ein truga art, seier Bakke.
Han fortel at det av og til er slik at det å ta vare på miljøet har nokre effektar som ein ikkje alltid ønskjer.
– Eg forstår dei kan vere frustrerte og har vore i dialog med eigaren av kanalcampingen ved fleire høve og har utveksla meiningar.
Bakke meiner tida no bør vere inne gå vidare og marknadsføre dei kvalitetane som framleis finst på Telemarkskanalen
Men Skoe meiner at det blir helt feil å marknadsføre tilbodet slik det er i dag.
– Vi har mista eit særskilt produkt vi kan marknadsføre. Eit aktivitetsprodukt for alle reiselivsbedriftene i Midt-Telemark.