28 år gamle Zuccarello Aasen har lenge vore Norges einaste NHL-spelar, men no håpar han å få selskap av 190 centimeter og 110 kilo tunge Andreas Martinsen, som så langt har overlevd i sesongoppkøyringa med Colorado Avalanche frå Denver.
– Han er stor, sterk, bra på skøyter og passar godt inn slik spelet er her borte. Om han har overbevist på «campen» skal vi ikkje sjå vekk ifrå at han startar sesongen i Avalanche, seier Mats Zuccarello Aasen.
New York Rangers-stjerna med over 200 NHL-kampar møter NRK på treningssenteret i Tabbytown - ein times køyretur nord for Madison Square Garden.
– Han er fortsatt med, og det lovar godt. Det er ikkje urealistisk at han kjem med på laget. Eg blir imponert om han klarer det, seier Zuccarello Aasen om Colorado-spelaren.
– Down-periodar vil komme
Landslagsspiller Martinsen (25) har fått bra med tillit i dei siste Avalanche-treningskampane. Søndag blei stallen kutta ned til 37 spelarar, og skal ned i 23 spelarar før sesongstart 8. oktober.
Blir det NHL-spel må «ferskingen» Martinsen uansett førebu seg på tøffe periodar med lite tillit.
– Han hadde ein kanonsesong i fjor, men vil nok få enkelte «down»-periodar med lite speletid. Då bør han passe på å støtte seg til sine næraste og innhente masse gode tilbakemeldingar. Det viktigste er å aldri gje opp, seier Zucca.
Zucca om AHL: – Ikkje så tøft
Meir sannsynleg er det nok at Martinsen er ein av dei 14 siste som må ut før sesongstart. Då ventar reservelagsspel for San Antonio Rampage frå Texas.
AHL er ein liga som av fleire tidlegare norske hockeystjerner har blitt omtala som både fysisk brutal og mentalt slitsom.
Zuccarello Aasen har tidlegare vore i samme situasjon som Martinsen. I 2011-2012-sesongen spelte han 37 kampar for Conneticut Whale.
Men Norges største hockeystjerne trur Martinsen har lite å bekymre seg for.
– Det er ikkje så tøft der. Det er nokre bussturar i ny og ne. Det er ein artig liga det også. Ein utviklar seg bra. Det er kjipt å ta så mange lange bussturar til og frå kamp, men det er vel dei fleste som har spelt i Europa vand med, seier Zuccarello Aasen.
Les også: Nytt tap for Martinsen i NHL