– Talet er urovekkande. Ein skulle ønske at det var ein høgare andel som såg verdien i at Norge kunne arrangere eit OL. Her må det gjørast ein jobb. Ansvaret kviler på Oslo kommune og Norges Idrettsforbund, som står som søkar til eit mogleg OL.
Kulturministeren plasserer seg tydeleg på ja-sida i OL-kampen.
– Det er mange moglegheiter med å søke og arrangere. Det er 28 år sidan sist det var OL i Norge. I tillegg har vi fått ein ny generasjon utøvarar og frivillege. Vi har ein unik sjanse for å vise Norge fram og å få ein samlande folkefest, seier Widvey, og fortel at det truleg er behov for 20.000 til 25.000 frivillege.
– I tillegg vil det vere positivt for anleggsproblematikken i norsk idrett og positivt med tanke på å få ein ny bydel i Groruddalen og på østkanten.
– Prislappen må ned
Dei høge kostnadane ved å arrangere eit OL fekk Frp til å stemme nei til OL-søknaden på landsmøtet for to veker sidan.
Regjeringspartiet fryktar at det vil gå utover viktige oppgåver som infrastruktur, skattelette, auka konkurransekraft, utdanning, helse og omsorg.
– Å tru at eit Oslo-OL kostar under 50 milliardar er som å tru på julenissen, når Sotsji-OL kosta 500 milliardar, sa Atle Simonsen på landsmøtet.
Widvey uttrykker også overfor NRK at kostnadane, som tydeleg skremmer skattebetalarane, må ned.
– Men er det mogleg å gå mot folkeviljen i ein såpass kostnadstung sak?
– At folket har forståing for at det skal brukast så mykje pengar på eit så stort arrangement er viktig når politikarar skal ta stilling til dette. Søkar har openbart ein stor jobb å gjøre for å få folket med seg her, seier Widvey.
– Men om det enno er fleirtal imot OL vil de likevel gå inn for dette?
– Det er mange ting vi må vurdere opp mot kvarandre når regjeringa skal ta stilling til dette. Vi har ein ambisjon om å ta stilling til dette spørsmålet over sommaren. Vi har også har beslutta at vi kjem til å legge fram sak uansett utfall i saka - med eller utan anbefaling om statsgaranti.
Vil diskutere pris med IOC-presidenten
Mandag skal kulturministeren møte IOC-president Thomas Bach. Der ønskar ho å spør om IOC er klar for å ta ein større del av OL-rekninga.
– Er det mogleg å ha ein større diskusjon om kostnadsfordeling om det kjem inn nye idrettar etter tildelinga? Det er eit tema eg vil ta opp, seier Widvey.