Blir oppdatert!
– Det var gøy, sa Heidi Weng, som heldt unna for Ingvild Flugstad Østberg i spurten.
Ho tok sitt tredje individuelle VM-gull, og det første i sprint.
Overraskingskvinna Silje Øyre Slind leia lenge, til langt inn på oppløpet. Det gav til slutt bronse.
– Eg er kjempeglad. Dritkult, jubla Slind. – Det vart eit lureløp, og det var ein fordel å ligge bak. Så tenkte eg «farsken heller, her er det berre å gå», sa den jublande bronsevinnaren.
– Dette fortente du. Du drog heile vegen, sa gullvinnar Heidi Weng.
– Eg tar absolutt med meg sølvet, sa fjorårsvinnar Ingvild Flugstad Østberg. – Det blei mykje stavar og ski i innspurten, og eg kom ikkje heilt opp, sa Østberg.
Therese Johaug enda på femteplass i finalen, bak Mari Eide, men føre Thea Murud.