Hopp til innhold

Warholms umoglege luksusproblem

AKKERHAUGEN (NRK): Han er i europatoppen på 400 meter, 110 meter hekk, lengde, 200 meter og tikamp. Men friidrettsforbundet meiner Karsten Warholm bør satse på ein distanse han berre har konkurrert i ein gong før.

Europamesteren gjør ting han ikke kan mens han lurer på hvilken øvelse han skal satse på i framtida

FERIE: Etter ein beintøff helg med tikamp og tre heat på 400 meter under U20-EM i Sverige, har Karsten Warholm tatt seg nokre velfortente fridagar med familien.

– Eg gjorde det eigentleg berre vanskelegare for meg sjølv.

Karsten Warholm ler på sitt etter kvart kjente vis i sola på campingferie med familien. Endeleg er det tid for avslapping etter monsterprogrammet i junior-EM. Etter tikampfinalen på 1500 meter der han sprang inn til sitt andre sølv på to dagar, fortalde at han aldri hadde vore så sliten.

– Går meg fast i tankane

– Ekstra godt å nyte late dagar når eg presterte så godt i årets store mål, konstaterer han frå campingstolen han har sett opp utanfor campingvogna.

Men tankane om tida framover og kva slags retning karrieren skal gå i, tek han ikkje ferie frå. Etter hans siste internasjonale meisterskap som junior skulle ein kanskje tru det skulle bli lettare. Men den gong ei.

– Eg går meg fast i dei tankane heile tida. No fekk eg sjå det europeiske nivået på både 400 meter og mangekamp og såg at eg var heilt der oppe på begge øvingane. Samtidig såg eg også at ein kan hente endå meir av å spesialisere seg. Eit skikkeleg luksusproblem, smiler han.

For det er mange som har meiningar om kva Noregs største friidrettstalent bør velje når han skal stake kursen mot verdstoppen.

Karsten Warholm

TO SØLV: Karsten Warholm sprang inn til sølv både på 400 meter og i tikampen under U20-EM i Eskilstuna førre helg.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Bør ikkje vrake tikampen enno

I år bestemte han seg for å satse på 400 meter i U20-EM, det same på Bislett Games. På 110 meter hekk sat han årsbeste i verda for juniorar med tida 13.48 i tyske Mannheim i juni. 200 meter og lengde er andre øvingar der Warholm er i den absolutte europatoppen , og heller ikkje er langt unna dei beste juniorane i verda.

Men det er ein distanse Karsten Warholm berre har konkurrert i ein gong før, mange peikar på som distansen han kan ha størst potensial i.

Veslemøy Hausken

BØR SPESIALISERE: Utviklingsansvarleg i Norges friidrettsforbund, Veslemøy Hausken Sjöqvist meiner Warholm etter kvart må spesialisere seg, og nemner 400 meter hekk som den ideelle distansen.

Foto: Norges Friidrettsforbund

– Me trur 400 meter hekk vil vere midt i blinken for Karsten. Han har utvilsomt eit veldig stort potensiale på 400 meter, men i tillegg har han den tekniske biten frå korthekken som trengst på ein såpass utfordrande distanse som 400 meter hekk er, seier utviklingsansvarleg i Friidrettsforbundet, Veslemøy Hausken Sjöqvist som likevel ikkje trur han må ta valet heilt enno.

– Karsten har mange år på seg til å nå ein internasjonal karriere. Han kan halde fram med å trene allsidig og breidt, men etter kvart så må han fokusere på ei øving, seier Hausken.

Eg har tenkt litt på det i det siste og 400 meter hekk er ein distanse som krev mykje viljestyrke og det er jo noko eg har god overdose av.

Karsten Warholm

NRKs friidrettskommentator, Jann Post, trur det er for tidleg for Warholm å vrake tikamp-satsinga allereie i år.

– Når han både er juniorverdsmeister frå to år tilbake og sølvvinnar i EM i tikamp no i år, er det for tidleg å seie at han ikkje kan nå verdstoppen i mangekamp, meiner Post.

Han trur Warholm bør satse mangekamp i eitt eller to år til.

– Han bør sjå om han kan bli god nok i kastøvingane til å halde internasjonal standard. Viss ikkje han klarer det bør han heller spesialisere på ei av løpsøvingane han gjer det best på i dag, meiner Post.

Jann Post

BØR VENTE: NRKs friidrettskommentator Jann Post meiner Karsten Warholm bør sjå kor mykje betre han kan bli i kastøvingane før han eventuelt spesialiserer seg på 400 meter hekk.

Foto: Anne Liv Ekroll / Anne Liv Ekroll, NRK

Og blir det spesialisering ser friidrettskommentatoren ikkje nokon grunn til at Warholm kan bli ein sterk 400-meter hekk løpar. Men at vegen mot internasjonal suksess skal vere lettare på den lengste hekkedistansen, trur Post ikkje bør vere ein tungtvegande grunn.

– Han har absolutt dei eigenskapane som skal til for å bli ein god løpar på 400 meter hekk. Men det blir feil å tenkje at det vil vere ein enklare veg til verdstoppen. Det er ikkje enkelt i nokon friidrettsgrein.

Eg får jo til hekk og 400 meter bra, så kanskje det er dobbelt så bra saman?

Karsten Warholm

Olav Magne Tveitå har trent mange av våre beste friidrettsutøvarar, mellom anna trente han Benjamin Jensen som i likheit med Warholm kan smykke seg med tittelen juniorverdsmeister i mangekamp. Han trur Dimna-utøvaren har mest å hente som mangekjempar.

– Han må bli ein del betre i kastøvingane, men i alle dei andre kan han hevde seg på godt internasjonalt nivå i mangekamp alt no. Det spesielle med Warholm er allsidigheiten, eg er heilt sikker på at han hadde tatt gullet i tikampen i U20-EM om han hadde han droppa 400-meteren, seier Tveitå.

.

Warholm på campingferie

AVSLAPPING: Han hadde aldri vore så sliten før, sa han etter finalen av tikampen i junior-EM. Då er avslappande ferie med familien velforten.

Foto: Håvard Hagen

Overdose av viljestyrke

Frå campingplassen Norsjø ferieland har 19-åringen sjølv fått med seg diskusjonen i miljøet om kva han bør spesialisere seg mot. Men enno har han langt i frå bestemt seg om han skal kutte satsinga på mangekamp

– Problemet er at eg har lyst til å gjere alt. Eg trivst med å drive med mangekamp og å trene så variert som eg gjer. Det gjer at eg blir dratt mot mangekamp, men eg er ikkje 100 prosent sikker på at det er vegen å gå heller.

– Kva seier du om at mange meiner at 400 meter hekk vil vere det beste for deg?

– Eg har tenkt litt på det i det siste og 400 meter hekk er ein distanse som krev mykje viljestyrke og det er jo noko eg har god overdose av. Eg får jo til hekk og 400 meter bra, så kanskje det er dobbelt så bra saman? Utelukke det gjer eg iallfall ikkje, seier han.

karsten

EM-DEBUTERTE: I fjor debuterte Karsten Warholm i seniormeisterskap under EM i Zürich. Då prøvde han seg i forsøket på 400-meter.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Kanskje er det også på den distansen Warholm har kortast veg til verdstoppen.

– Det er ikkje ukjent at europearar hevdar seg i internasjonale meisterskap på 400 meter hekk. Og det er jo noko eg drøymer om i framtida, å representere Noreg og ta medaljer i internasjonale meisterskap som OL, VM og EM. Det er jo det alt byggjer opp til, smiler han sjølvsikkert.

Like sjølvsikker er han ikkje på det vanskelege valet han ein gong må ta.

– Eg er jo sjølvsagt heldig, det er ikkje mange som har det privelegiet som kan hente to medaljar i junior-EM. Men det er eit vanskeleg val, no har eg plutseleg 11 øvingar når 400 meter hekk kjem opp, ler han som kanskje kan kalle seg den sprekaste campingturisten i landet.

Sportsnyheter

Scenene før skrekkstraffen vekker oppsikt: – Ufattelige bilder

Ballen var søkk borte da Bernardo Silva skulle ta straffe mot Real Madrid. Eksperter mener den lange ventetiden kan ha vært avgjørende for storlaget.

Siste nytt

  • Norges håndballkvinner møter vertsnasjonen i tidenes største EM

    Norge havnet i gruppe med arrangørland Østerrike, Slovenia og Slovakia da trekningen for årets kvinne-EM i håndball ble gjort torsdag.

    Norge er tittelforsvarer når mesterskapet spilles i Østerrike, Ungarn og Sveits. Laget spiller sine innledende kamper i gruppe E i Innsbruck og får en overkommelig vei til hovedrunden.

    EM-sluttspillet varer i perioden 28. november til 15. desember. Antall deltakere økes fra 16 til 24 nasjoner.

    Fra hver av de seks innledende puljene går de to beste videre til hovedrunden. Man tar med seg eventuelle poeng fra kampen mot det andre laget som avanserer fra samme gruppe.

    Hovedrundekampene er lagt til Debrecen og Wien, mens semifinaler, bronsekamp og finale spilles i Wien.

    Norge har vunnet håndball-EM for kvinner hele ni ganger. Det første gullet kom i 1998. (NTB)

    Silje Solberg-Østhassel i aksjon mot Slovenia i VM
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • KFUMs opprykkshelt forlenget til 2026

    Remi-André Svindland (26) har skrevet under en ny kontrakt med KFUM Oslo. I fjor scoret han målet som sendte klubben til Eliteserien.

    Avtalen strekker seg til 2026, opplyser KFUM i en melding på X. Det er en utvidelse på ett år.

    Svindland har spilt for «Kåffa» siden 2020. Forrige sesong utmerket midtbanemannen seg ved å bli matchvinner i Oslo-derbyet mot Skeid og sikre KFUM et sensasjonelt opprykk fra 1. divisjon.

    26-åringen står med 15 mål på 122 kamper for KFUM. (NTB)

    1. divisjon i fotball 2023: KFUM-Skeid (1-0)
    Foto: Frederik Ringnes / NTB
  • Casper Ruud til kvartfinale i Barcelona

    Casper Ruud viste solid tennis da han banket australske Jordan Thomson i strake sett og tok seg til kvartfinalen i ATP500-turneringen i Barcelona.

    Ruud vant med sifrene 6-1 og 6-4.

    De tunge forholdene med svært høy luftfuktighet på Barcelona-grusen passet nok Ruud best. 25-åringen feide over Thomson i det første settet, som han avgjorde etter bare en drøy halvtime.

    Det andre settet ble langt jevnere, men Ruud styrte likevel kampen dit han ville. Da han brøt til 4-3-ledelse, var det ikke lenger noen tvil.

    Ruud har i likhet med Jannik Sinner og Grigor Dimitrov vunnet alle sine to første kamper i de turneringene han har spilt i år.

    Thompson og Ruud hadde møttes fire ganger før og sto med to seirer hver før torsdagens oppgjør. Ruud tapte for australieren i finalen i Los Cabos tidligere i år, men den turneringen gikk på hardcourt.

    Den italienske 23-åringen Matteo Arnaldi blir Ruuds motstander i kvartfinalen. (NTB)

    Casper Ruud i Barcelona
    Foto: JOSEP LAGO / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal