Kjetil Jansrud (30) må droppe NM i Oppdal denne veka.
Norges Skiforbund skriv i ei pressemelding at Jansrud i langt tid har hatt utfordringar med smerter i ryggen, som har blitt verre i løpet av sesongen.
Dette har hindra Jansrud i treningsarbeidet.
– Smertene skuldast slitasje av skjeva på den nedste delen av korsryggen. Dette blir forsterka ver skikøyring. Derfor har helseteamet anbefalt Jansrud å ikkje stille i NM, seier lege for alpinlandslaget, Marc Jacob Strauss.
Risikabelt å operere
Det medisinske apparatet har samman med ortopedar og ryggkirurger prøvd ulike behandlinger utan at dette har hjelpt.
Strauss seier til NRK at dei ikkje tør å operere Jansrud i frykt for at dette kan bety slutten på OL-vinnarens karriere.
– Målet er å redusere smertene slik at han kan køyre på ski. Operasjon er eit alternativ, men då har vi ingen garanti for at han kjem seg på ski igjen, seier Strauss.
– Operasjon er alltid ein riusiko. Det kan vere karrieretruande. Om vi kan komme oss unna operasjon, så vil vi gjerne det, legg han til.
Nerveblokkering
Ekspertane prøver derfor ei nerveblokkering av ryggen for å sjå om smertene kan reduserast på den måten. På neste samling skal dei teste ryggen på ny.
– Dersom dette har effekt vil ein halde fram behandlinga. Målet er å fjerne smertene for godt, skriv skiforbundet.