– Vi jobbar med det. Vi jobbar med samspelet for å få han betre med i spelet, seier AaFK-trenar Jan Jönsson til NRK.
For Abderrazak Hamdallah, eller Hamed-Allah, som er fotballnamnet til 22-åringen har ikkje vore meir enn heilt grei så langt.
Han landa i Ålesund 24. mars med håp om å imponere frå første spark. Og med ein høg prislapp var forventningane nærmast astronomiske.
Etter sju seriekampar, to av dei innhopp, er éi scoring og to gule kort det den marokkanske spelaren har notert seg for.
- Les også:
Glapp i muren, ufin mot veteran
Men det har vore ein litt treig periode for Aalesund òg, etter den glimrande sesongstarten. Mot Molde torsdag blei det tap 4–1.
- Les også:
– Vi sprekk opp for første gong denne sesongen som lag, sa Jönsson etter kampen.
To frispark snudde kampen til Molde sin fordel, og på frispark nummer to frå Hamed-Allah kjeft.
– Han sprekk opp i muren på andremålet, og det er ein situasjon vi har vore gjennom. Vi må informere han betre. I førre heimematch gjekk vi gjennom det positive og negative. Han fekk kritikk for mange balltap, samstundes som der er ein del situasjonar som ikkje blir utnytta godt nok, meiner AaFK-trenaren.
Mot Molde torsdag kom Hamed-Allah òg i fokus då han viste finger til Daniel Berg Hestad.
– Pluss og minus
Jönsson er klar på at det er ein tung AaFK-periode generelt, noko Molde-kampen viste.
Svensken meiner Hamed-Allah må få meir tid.
– Mot Molde var det pluss og minus, slik det har vore så langt. Vi jobbar med å få han til å forstå betre, avsluttar Jönsson.
Neste kamp for AaFK er heime mot Lillestrøm førstkomande måndag klokka 18.30.