Endeleg var Kari Vikhagen Gjeitnes blant namna i ein meisterskapstropp for Noreg. Eit mål og ein draum 30-åringen har hatt i heile si aktive skikarriere.
Men då landslagstrenar Egil Kristiansen las opp uttaket var det med eit lite tillegg som gjorde at Gjeitnes ikkje kunne juble fullt ut.
– Det blir eit reint amerikansk uttak mellom Gjeitnes og Weng om den siste plassen i verdscupen i Östersund, sa Kristiansen på pressekonferansen på Røros.
Uttak med bismak
NM-sølvet Henning-løparen tok der var altså ikkje godt nok til å bli direkte utteken til den klassiske VM-sprinten.
– Eg blei sjølvsagt kjempeglad berre for å bli teken ut, men samtidig var det ein liten bismak. No er eg nøydd til å prestere enda ein gong.
Ikkje berre må ho prestere. Gjeitnes er nøydd til å slå jenta med tre VM-medaljar og fire pallplassar frå verdscupsprintar. Likevel meiner spesialsprintaren at fordelen er på hennar side før den svært viktige sprinten i Østersund.
– Den kampen skal eg greie å ta. Eg har tatt ho fleire gonger i år, så det skal eg klare igjen.
For Kari Vikhagen Gjeitnes har slått Heidi Weng i alle dei tre klassisksprintane dei har gått mot kvarandre denne sesongen. Gjeitnes vann i tillegg Skandinavisk cup i VM-løypa i Falun.
Weng på si side har fordelen av at ho har vore i langt fleire sprintfinalar, som for eksempel då ho tok andreplassen i den klassiske sprinten i Drammen i 2013. Vegen til Gjeitnes sin fyrste verdscupfinale i Asiago før jul i fjor, har vore ein del år lengre.
Vore meir kynisk
– Det har vore ein del stong ut. Eg har aldri nådd heilt opp til å bli tatt ut i troppen. Heldigvis viser det seg at jamt og trutt arbeid fungerer.
– Kva har du gjort riktig for å bli tatt ut akkurat i år?
– Eg har vore meir kynisk i prioriteringane mine i år og tenkt veldig mykje på klassisk sprint. Skøyting og distanserenn har eg prioritert vekk og det viser også resultata mine, konstaterer moldensaren.
Kampen om den siste plassen i Östersund ser du frå klokka 12.30 i morgon på NRK1.