Hopp til innhold

Verst utan ball

ANALYSE: Aalesund har hatt den svakaste serieopninga i eliteserien nokon sinne. Er det likevel glimt av lys i den sunnmørske tåkeheimen?

Aalesund

Aalesund aspirerer til prisen for ”verst utan ball”

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Direkte Lykke var namnet på eit utmerket TV-program som gjekk på NRK2 i 1996-97. Direkte ulykke kan fort verte merkelappen på Aalesund sin innsats i eliteserien 2015. Kveldens heimetap mot Tromsø var nok eit døme på at den direkte spelestilen deira ikkje gjev god nok avkasting. Aalesund hadde rett nok marginane mot seg då dommaren annullerte to mål i andre omgang, men likevel: AaFK-maskineriet har alvorleg motortrøbbel.

Viking la inn ein sterk søknad i kategorien ”verst med ball” mot Rosenborg i går. Aalesund aspirerer til prisen for ”verst utan ball” – den mest frykta kategorien i norsk fotball sidan Drillo tok over landslaget i 1990. Korleis har dei hamna i ein slik situasjon?

Panikkslagen sebraflokk

Det er i alle fall ikkje mangel på løpsvilje som er årsaka. Aalesund klarer rett og slett ikkje å koordinere all springinga. Å sjå AaFK i aksjon er som å sjå ein panikkslagen sebraflokk under eit løveangrep. Alle spring for seg sjølv, ikkje for laget. Dette er neppe intensjonen, men slik ser det i alle fall ut.

Når intensjonen ikkje slår til, kjem tvilen ofte snikande. Mot Molde hadde Aabrekk lagt om formasjonen og spelte med fem mann bak. I denne runda var den vante forsvarskvartetten tilbake, og det skal seiast at det defensive arbeidet var mindre vaklande. Men det var dessverre få løvetemmarar i aksjon for Aalesund då det gjaldt som mest i kveld. Dei arktiske løvene frå Tromsø, med ungguten Mikael Ingebrigtsen i spissen, let seg ikkje be to gonger dei få gongene sjansen baud seg.

For Tromsø sin del smakte sigeren ekstra godt. Før kveldens oppgjer hadde dei tapte sine 12 siste bortekampar i eliteserien og sto bokført med fattige to mål i årets sesong. Dei hadde heller ikkje scora på Color Line stadion i løpet av dei siste fire forsøka. No kan det sjå ut til at den verste mørketida er over.

Manglande gjennomføringsevne

Mikael Ingebrigtsen

0-1: Mikael Ingebrigtsen skåra mot Tromsø

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

”Uansett hvor vi er – hjemme eller borte – ønsker vi å få kampen inn i vårt spor”, sa Aabrekk før sesongen. Eg trur at sjølv Sherlock Holmes ville strevd med å finne dette Aalesund-sporet.

Under Jan Jönsson hadde Aalesund ein meir ballspelande stil. Det gav dei 4.- og 7. plass dei to sesongane svensken regjerte. Harald Aabrekk har forsøkt å gjere dei til eit meir direkte, kontringsorientert lag, som likevel skal styre kampar. Denne ambisiøse omstillinga har så langt vore mislukka.

Dette handlar ikkje eigentleg om possession versus direkte, men om laget si evne til å gjennomføre den aktuelle spelestilen. Det ville sjølvsagt ikkje vore betre om Aalesund var eit dårleg tiki-taka-lag. Problemet er at dei ikkje har klart å utnytta fordelane ved å spele gjennombrotshissig fotball.

Det kan nemleg vere heilt OK å ikkje ha ballen mest. Atlético Madrid under Diego Simeone er eit godt døme på eit lag som likar å la motstandaren trille, for så å snappe til seg ballen i avgjerande situasjonar og storme mot mål. Atlético lukkast med dette fordi dei er ekstremt gode på éin bestemt ting: gjenvinning. I fjor takla dei meir enn noko anna lag i La Liga.

Det er eigentleg slik Aabrekk vil at Aalesund skal spele. ”Gutta skal vise stor taklingsvilje”, var mantraet i sesongoppkøyringa. Han har tilsynelatande gløymd å repetere denne leksa då sesongen starta.

Trongt og vanskeleg

Eit anna viktig moment er at motstandarlaga veit at Aalesund kjem til å søkje bakrom. Derfor er dei flinke til å falle av tidleg, slik Tromsø gjorde. Når dette skjer, må dei kollektive løpa hos AaFK vere mykje smartare enn dei var i kveld. For det hjelper ikkje så mykje med fart i ballen, når ballen sjeldan når ein spelar i scoringsposisjon. Ein av dei få gongene dette hendte mot Tromsø, kom pasningen typisk nok frå TIL-keeper Benny Lekström.

Etter meir enn to tiår med bakrommet som nasjonalheilagdom, er det kanskje ikkje så rart at mange lag er gode til å forsvare seg mot nettopp den strategien. Haugesund er eit anna lag som har fått erfare dette denne sesongen. Dei er, akkurat som Aalesund, både direkte i spelestilen og direkte skuffande. Med eitt mål på tre kampar var Haugesund det einaste laget som hadde scora færre mål enn Tromsø før fjerde runde.

Det fortel kanskje ein del at eliteserien så langt har vore ein renessanse for elegant playmakeri, med Ghayas Zahid og Harmeet Singh som fine eksponentar. Dette er spelarar som kan styre ein kamp, uansett fase. Særleg førstnemnde har vore formidabel innleiingsvis.

Når det er lite bakrom, slik Aalesund no har opplevd i to heimekampar på rad, må ein gjere noko anna å ruse fortast muleg inn i forsvarssona til motstandarlaget. Då treng ein spelarar som kan lese kamppulsen og levere ballen til rett tid, til medspelarar som varierer bevegelsesmønsteret. Aalesund har ikkje ein alternativ strategi når den første angrepsbølja har stranda.

Fastkøyrd maskineri

Aalesund-benken

NOE POSITIVT: Aabrekk er kjent som ein meisterleg forsvarsbyggar, og på den fronten er utviklinga positiv

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Dei har jo faktisk ein playmaker, i Michael Barrantes, som igjen utmerkte seg positivt for Aalesund. Men éin mann kan ikkje gjere alt. Barrantes hadde ballen relativt ofte, med likevel stokka det seg for AaFK. I møte med Tromsø sin 4-2-3-1-formasjon vart Barrantes stadig plukka ut av dei to defensive midtbanemennene hos TIL, Remi Johansen og Marcus Hansson. Det tvang han til å søke djupare posisjonar, med den konsekvens at spelet vart forseinka. Då Barrantes endeleg fekk levert ballen vidare, var dei hurtige løpa til lagkameratane over for lengst.

Den manglande offensive dynamikken til Aalesund fekk meg til å tenkje på boka Stillstand av Agnes Ravatn. I tilfelle ho skulle få lyst å gje ut ei fotballbok med same tittel, kan ho skrive om angrepsspelet til Aalesund. Det er det mest fastkøyrde offensive maskineriet eg har vore vitne til denne sesongen.

Det er nettopp her nøkkelen ligg for Aabrekk og læresveinane hans i tida som kjem. Viss dei klarer å utnytte spisskompetansen til Barrantes ved å skape større variasjon i løpa rundt han, er dei neppe så tannlause som dei fire første seriekampane har vitna om. Og sjølv om konsentrasjonen mangla på begge Tromsø-måla, var forsvarsspelet jamt over betre. Aabrekk er kjent som ein meisterleg forsvarsbyggar, og på den fronten er utviklinga positiv.

Der Untergang?

”I don’t know why we are bottom of the Premier League – but we are bottom”, sa trenarlegenda Brian Clough i eit augeblikk av sjølvransaking, då han sto på terskelen mot nedrykk i sin siste sesong som manager i Nottingham Forest. Det er alt for tidleg å snakke nedrykk etter fire serierundar, men med mindre Aabrekk klarer å realisere det utbetringspotensialet eg nettopp skisserte, kan fort Aafk verte verande ei stund i den tåkeheimen laget har rota seg inn i.

Med tanke på at Barrantes må stå over neste kamp, borte mot Vålerenga, ser det unekteleg nokså dystert ut.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal