Hopp til innhold

Varegg var nærmast cupbomba mot Haugesund

Haugesund slapp med skrekken mot 3.divisjonslaget Varegg frå Bergen.

Varegg tok i mot Haugesund i 2 runde og de ga eliteserielaget god motstand. Til slutt ble Haugesund for sterke

SLEIT: Haugesund fekk ein tung kamp mot Varegg frå Bergen.

Laster innhold, vennligst vent..

– Den kampen her levde så lenge som mogleg og det var det som var målet. Dessverre slepp me inn to mål mot slutten som viser at me er tre nivå under, seier Varegg-trenar Hiep Tran.

For heilt til det stod att 12 minutt såg det ut som vesle Varegg frå Bergen skulle klare å sikre ekstraomgangar mot eliteserielaget Haugesund. Dei tok tidleg leiinga på straffe ved Kristoffer Valsvik etter 10 minutt.

Varegg tok i mot Haugesund i 2 runde og de ga eliteserielaget god motstand. Til slutt ble Haugesund for sterke

Sjå alle måla frå Varegg-Haugesund her!

Drøymemål

Heile omgangen var dei i tet, men heimepublikummet kom ned på jorda igjen da Ibrahim Shuaibu kriga med seg ballen og smalt inn utlikna like før pause.

Den same heimefansen hadde vel kanskje da sett for seg at Haugesund ville ta over intiativet og køyre over heimelaget resten av kampen.

Men den gong ei. Varegg tok igjen leiinga, og dette målet vil nok bli hugsa på Stemmemyren. Eirik Anfinsen plasserer ballen opp i krysset på meisterlig vis frå hjørnet av 16-meteren.

Heilt fram til det 78 minutt var stillinga 2-2 og Varegg hadde Haugseund i kne, men i avslutningsminutta kom forskjellen mellom eliteserien og 3.divisjon verkeleg til syne.

Fyrst er det ghanesiske Kwame Karikari som får tak i ein retur frå Haugesund-keeper Myrold og avsluttar på volley rett i mål frå 10 meter.

– Må gå vidare mot 3.divisjonslag

Derfrå og inn klarer ikkje Varegg å kome tilbake og i det 89 minutt headar Filip Kiss inn spikeren i kista.

Målscorar Tor Arne Andreassen var ikkje redd for at avansement skulle ryke.

– Me var ikkje veldig bekymra. Men du veit jo aldri. dei fyrste rundane i cupen er alltid vanskelege. me var nok ikkje nok på i starten av andre omgang, seier Andreassen.

Trenar Mark Dempsey kunne seie seg sånn heilt middels fornøgd.

– Eg er fornøgd med at me tok oss vidare, men ikkje med prestasjonen. Ein må gå vidare i cupen mot eit tredjedivisjonslag men det var ein vanskeleg bane og Varegg spela bra, seier Dempsey etter kampen.

Haugesund vann til slutt 4-2 og er vidare i cupens 2.runde. Dermed ryker ingen eliteserielag ut av cupens 2.runde.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal