– Han har vore litt småsjuk og hatt litt lurvete lunger. Det er ikkje optimalt, men det kan slå begge vegar, seier landslagstrenar Trond Nystad til NRK.
– Han har ofte store problem med lungene om vinteren når det blir kaldt, og det har han slite litt med.
– Men han har fått tre-fire dagar på sofaen, så no er han i fer med å bli betre, seier Nystad.
Tour de Ski opnar med sprint i fri teknikk i morgon.
– Vi håpar og trur at han er i orden til i morgon, seier trenaren.
NRKs ekspertkommentator Fredrik Aukland trur ikkje det nødvendigvis betyr stort.
– Det er aldri optimalt med sjukdom før konkurransar. Samtidig har Martin eit så godt grunnlag at eit sjukdomsopphald ikkje treng å spele noko rolle.
– Det som er spesielt med Tour de Ski, er at det er åtte renn på ti dagar, og den største utfordringa for løparane er å halde seg friske. Slik sett er det verre å vere sjuk i forkant av eit Tour de Ski enn eit vanlig verdenscupløp.
– Kan slå begge vegar
– Kva betyr dette for Tour de Ski?
– Om han skulle bli sjukare, betyr det at det ikkje ser så lyst ut. Men dersom han ikkje blir sjuk, må han nok framleis finne seg i å vere favoritt. Det kan slå begge vegar, trur Trond Nystad.
Sundby trenar normalt to økter om dagen. I romjula gjekk det fleire dagar utan at han trena i det heile.
Optimistisk
– Det kan føre til at han er litt slapp i kroppen, men det kan også gi auka overskot. Det er vanskeleg å seie. – Det er no eingong slik at ein må ta livet som det kjem. Sjukdom er ein del av livets realitetar, filosoferer landslagssjefen.
Han er optimist.
– Eg vel å tru at det går greitt.
For dei andre på laget har alt gått etter planen i jula, og alle er i fin form.
– Så langt ser det veldig bra ut.