På Sjusjøen skal det etter planen arrangerast verdscupopning i langrenn til helga. Men måndag var løypa stengt på grunn av lite snø og dårlege forhold.
Difor reiser no det norske herrelandslaget til Beitostølen for å trene. Der er det nemleg frakta snø frå Valdresflya som dekker totalt 2,5 kilometer med løype.
– Dette gjør vi fordi det er bedre treningsforhold der. No har dei mykje anleggstrafikk i løypa, og i natt har det vore for varmt til å produsere snø på Sjusjøen, så vi har ikkje treningsforhold her akkurat no, seier landslagssjef Trond Nystad.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Innsatsen og kuldegradene kom altså for seint for Beitostøl-arrangørane. For det var eigentleg der verdscupninga skulle vore. Før helga vart denne flytta til nettopp snøfattige Sjusjøen.
– Det har vore mykje jobb med å få til gode forhold på Beitostølen. Det er fullt mogleg å gå i løypene der, seier arrangør Erik Østli.
- SJÅ VIDEO:
– Dumt å bite i hånda som gjev mat
I staden for å henge med hovudet fordi dei ikkje fekk verdscup, hjelper arrangementsleiaren frå Beitostølen no Sjusjøen med å få alt klart til helga.
– Vi føler oss definintivt ikkje snurt. Beitostølen skulle gjerne hatt rennet, men må bare akseptere at avgjerda er tatt. Om ein er hund er det dumt å bite i den hånda som gjev mat. Vi vil sjølvsagt ikkje øydelegge for framtidige verdscuparrangement med å vere misnøgd med dette, seier Østli.
– Men kva tenker du om det held seg dårleg på Sjusjøen?
– Då har ein tatt ei feil avgjerd. Men på eitt tidspunkt måtte ein føreta seg noko i denne saka, og vêret kan ingen gjere noko med, seier Østli.
Paradoks
På Beitostølen ligg innbydande trikkeskinner og ventar på langrennsløparane.
– Det er sikkert eit paradoks, men vi er vand med å operere i den verda. Vi må som sagt flytte oss dit forholda er bra. Akkurat no er det godt føre på Beitostølen, og difor dreg vi dit, seier Nystad.