Hopp til innhold

Tutta: – Måtte redde meg frå "complete disaster"

Suzann Pettersen mislukkast fullstendig på den siste runden og fall ned til sjetteplass på LPGA-turneringa i golf i New York.

Intervju med Suzann Pettersen. Hun lå an til å kjempe om seieren i LPGA-mesterskapet foran siste runde. Men finalerunden ble et lite mareritt for Pettersen. Hun endte til slutt på tiende plass. Vinner av LPGA-mesterskapet ble sørkoreanske Park In-bee.

– Eg måtte prøve å berge meg frå «a complete disaster» (ein total katastrofe), var uttrykket ho sjølv brukte i intervjuet etter turneringa.

Ho fekk den verst tenkelege starten på runden: Dobbelbogey (to slag over par) allereie på det første holet.

– Det var ein heilt forferdeleg start, og det tok meg ti hol å kome inn i rytmen igjen, sa Tutta.

For mykje adrenalin?

– Eg veit ikkje kvifor det skjedde. Kanskje eg hadde for mykje adrenalin? Det var rett og slett ikkje mogeleg å slå tilbake etter den starten, sa 33-åringen.

Då hadde dobbelbogeyen i opninga blitt følgt av bogeyar på hol 4, 6 og 8. Hol 14 og 15 gav birdiar, men det vart ny bogey på det 18. og siste holet. Det gav fire slag over par på den siste runden.

Koreansk siger etter omspel

Det som før siste runden såg ut som ein tetkamp og kamp for årets første turneringssiger, enda med sjetteplass, fem under par totalt og seks slag bak vinnaren Park In-bee frå Korea.

– Eg var ivrig etter å kome i gong på den siste runden, men det gjekk ikkje. Men det var likevel mykje godt i spelet mitt. Eg må prøve å halde hovudet heva og dra det beste frå denne runden med meg til neste turnering, sa Tutta.

Park vann turneringa etter omspel med amerikanske Brittanny Lincicome. Amerikanaren såg ut til å gå mot siger, men fekk ein bogey på det siste holet. Dermed vart det omspel, som Park avgjorde på første hol.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal