Den kolossale spurten sikra Olaf Tufte finaleplass i singlesculler i ro-VM i Frankrike fredag. Det betyr også norsk OL-plass neste år.
Finalen går søndag kl 14.15. Den ser du på NRK1 og NRK.no direkte.
– Det var jamnt heile vegen, eit rotterace frå start til mål. Det gjekk veldig bra på den andre 500-meteren, då gjekk det litt fortare enn eg hadde planer om. Det vart tungt på den tredje, men så greidde eg heldigvis å lade om, seier Tufte til NRK når han såvidt har fått att pusten etter semifinalen.
– Eg greidde å halde hovudet kaldt, og hadde litt ekstra heilt på slutten, seier han.
Siste åretaka sikra finale
500 meter før mål låg den norske veteranen på tredjeplass, over fire sekund bak leiande Mahe Drysdale. Eit par hundre meter før mål var han også passert av kviterussaren og var på veg ut av finalen.
Men Tuftes siste åretak sende den 39 år gamle nordmannen forbi kviterussiske Stanislau Sjarbatsjenia med 18 hundredeler – hundredeler som betydde skilnaden på A- og B-finale.
Tuftes heat var også det klart raskaste, og Tufte går til finalen med fjerde beste tid totalt. Det kan bety at han kan vere i medaljekampen i finalen laurdag.
Tufte opna sterkt og var på tredjeplass etter 500 meter og på andreplass etter 1000.
Men Tuftes kjempekrefter avgjorde på den siste innspurten.
Sikra norsk OL-båt
Med finaleplassen har også Tufte sikra norsk OL-deltaking i singlesculler i Rio neste sommar. Men om det blir då 40 år gamle Olaf Tufte som sit i båten, er ikkje sikkert.
– Nei, det er ikkje eg som er OL-klar. Det er båten, strekar Tufte under. – Eg er ikkje sikra nokonting, eg må bevise at eg er god nok neste år.
– Kva trur du om sjansane i finalen?
– Det har eg ikkje tenkt på enno. Finalen er eit nytt løp, det er berre å kline til, og å ro endå litt betre. Ein skal treffe med form og løp og teknikk og hode, seier Tufte.
Olaf Tufte tok OL-gull i øvinga både i 2004 og 2008, og har også to VM-gull. Etter OL 2012 la han opp, men gjorde i fjor comeback med sikte på Rio-OL. Tidlegare i år tok han bronse i EM.
Race for veteranar
Det var vetrananes race i semifinalen fredag. Heatvinnar med dagens beste tid var Tuftes evige erkerival Mahe Drysdale frå New Zealand. Han er 36 år.
For den norske dobbelsculleren gjekk det ikkje like bra. Nils Jacob Hoff og Kjetil Borch var sjanselause. Dei enda på femteplass i sitt heat, heile15 sekund bak vinnaren.