Idrettsstyret har svart på brevet frå kulturminister Linda Hofstad Helleland, og vil no legge alle kort på bordet, i alle fall for sin eigen periode. Dei har fatta eit vedtak i tre punkt:
- NIF vil gje innsyn i alle vedlegg frå og med 1.1.2017
- generalsekretæren og presidentens reiserekningar frå og med juni 2015, blir offentleggjort raskast mogleg.
- Når ordninga blir innført, vil den innførast for denne styrets tingperiode, dvs. frå og med juni 2015.
Det blei klart på Norges idrettsforbunds idrettsstyre pressekonferanse i Førde. I går sat dei 10 timar i møte i for å ta debatten om openheit. Pressekonferansen blei utsett eit kvarter, og både idrettspresidenten og generalsekretæren hadde lite tid til pressa i etterkant.
Ingen av dei ville heller svare på kritiske spørsmål om pengebruken i Sotsji-OL.
Vil ikkje ta ansvar for tidlegare utgifter
I tillegg til vedtaket, har idrettsstyre sett ned eit utval som skal sjå nærmare på utlegga til NIF.
– Me har sett ned eit utval. Dei har fått eit mandat som handlar om meir enn reiserekningar. Utvalet skal sjå på korleis heile organisasjonen er sett opp på, seier idrettspresidenten.
Men alt før det noverande idrettsstyret trådde i kraft i juni 2015 blir verande hemmeleg.
–– Dette styret er klart på at vår vakt starta i juni 2015. Streken blir sett då me tiltrådte, seier Tvedt.
Tvedt vil ikkje svare på konkrete spørsmål om pengebruken rundt Sotsji-OL.
– Me set strek frå juni 2015.
Heller ikkje generalsektær Inge Andersen vil svare på spørsmål om Sotsji-OL.
– Me har hatt ein veldig grundig diskusjon, og idrettsstyret har fatta det vedtaket som dei har gjort.
Under kritikk
Tidlegare i veka gjorde kulturminister Linda Hofstad Helleland det klart at idrettstoppane måtte legge fram alle vedlegg frå og med nyttår. Etter fleire møter med idrettspresident Tom Tvedt var ho ikkje fornøgd med graden av openheit. No gir altså Tvedt etter for presset.