Hopp til innhold

No skal tennisstjernene ha historisk hjelp

Fleire av toppspelarane på 80- og 90-talet er attende i ulike trenarteam til verdas beste spelarar.

Djokovic Murray Federer

Før årets Australian Open har fleire av verdas beste tennisspelarar hyra inn eksperthjelp. Boris Becker (t.v.) skal hjelpa verdstoar Novak Djokovic, medan Stefan Edberg skal gje råd til Roger Federer (nedst til høgre). Andy Murray og Ivan Lendl held fram samarbeidet (øvst til høgre).

Foto: Biletmontasje / NTB scanpix

– Me ser heilt klart ein trend i at dei beste vel å henta inn tidlegare stjerner i trenarteama sine. Det har ikkje vore vanleg tidlegare, seier kommentator i Eurosport, Christer Francke.

Boris Becker og Stefan Edberg har begge seks Grand Slam-titlar. Når Australian Open startar fyrstkomande måndag, vil dei sitja i kvar sine spelarboksar – og det er ikkje til kven som helst, høvesvis Novak Djokovic og Roger Federer.

Murray og Lendl har sett ein trend

Trenartrenden starta då Andy Murray i slutten av 2011 tok inn Ivan Lendl i teamet sitt.

– Det verkar som om dei fylgjer i skotten sine fotspor ved å knyta til seg tidlegare stjerner som har vore nummer éin, seier Francke.

Han trur det er respekten spelarane har for dei som har vore best, som kan gjera at dei kan løfta seg endå meir.

– Dei sit inne med ein kompetanse som ikkje kan tileignast, og det er nok det desse spelarane er ute etter. Dei kan fortelja om andre ting enn kor mykje ein skal trena kvar dag, korleis halda grep osv.

Murray og Lendl

Andy Murray har nytt godt av kunnskapane til tidlegare toppspelar Ivan Lendl. No vil fleire av konkurrentane prøva det same.

Foto: PAUL CROCK / Afp

Suksess med Lendl

Sidan Murray engasjerte Lendl i slutten av 2011, har han vunne to Grand Slam, samt OL-gull.

– Utan Lendl trur eg ikkje at Murray hadde tatt steget opp. Han kunne meir om akkurat det skotten trengte og hadde vore i same posisjon, fortel Francke.

På lik linje med Murray, var Lendl i mange finalar før han vann sin fyrste Slam.

Skotten la ut denne meldinga på Twitter, kor han hylla at legendene er attende i gamet:

Laster Twitter-innhold

Ny rivalisering?

Rivalane Becker og Edberg møttest i totalt 35 oppgjer, der tyskaren vann mesteparten med 25–10. Sjølv om Becker gjekk sigrande ut av dei fleste duellar, hadde Edberg overtaket i Grand Slam og vann tre av fire møter.

Becker, som har kommentert for BBC, vart etter førre sesong hyra inn i teamet til Novak Djokovic.

Tyskaren trur det er eit lurt val av verdsstjernene å trekkja inn tidlegare Slam-vinnarar, men om det vert noko rivalisering mellom trenarane er han meir usikker på.

Djokovic

SVOLTEN PÅ MEIR SUKSESS: Verdstoar Novak Djokovic står så langt med totalt sju Grand Slam, og skal verta vanskeleg å slå på hardcourten i Melbourne, kor han har vunne heile fire gongar.

Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

– Sjølvsagt vil me vinna, men til slutt handlar det om Djokovic, Murray, Nadal og nokon andre spelarar, og ikkje så mykje om trenarane, sa Becker nyleg i eit intervju med AAP.

Djokovic, som saman med verdseinar Rafael Nadal er dei to klart største favorittane til årets fyrste Grand Slam-turnering i Melbourne, håpar å nyta godt av erfaringane til tennislegenda.

– Eg er verkeleg glad for moglegheita til å jobba med Boris. Han har mykje kunnskap som vil hjelpa meg å vinna fleire Grand Slam- og Masters 1000-titlar, skreiv Djokovic på heimesida si.

Verdstoaren sin mangeårige trenar Marian Vajda held likevel fram.

Ser ein på trekninga til årets Australian Open, er det Nadal som har fått den tøffaste vegen av dei to.

Spanjolen møter heimehåpet Bernard Tomic, som plar spela godt i Australia, alt i 1. runde.

Vidare kan han møta Gael Monfils (seeda 25) og Kei Nishikori (seeda 16) før ein eventuell kvartfinale mot argentinaren Juan Martin Del Potro. Murray står òg på same side og kan møta spanjolen i semifinale.

Skotten sin form er noko uviss, ettersom han er på veg attende etter ein mindre ryggoperasjon i september. Operasjonen sette han ut av spel heile innandørssesongen (etter US Open). Resultata i år har ikkje vore overtydande, men han har uttala at han føler seg i god form.

Hyra inn barndomsidolet

Roger Federer avslutta samarbeidet med Paul Annacone oktober 2013. I romjula opplysa mannen med 17 Grand Slam-titlar at Stefan Edberg vil vera ein del av teamet når Australian Open startar måndag.

Svensken var ei veke saman med Federer under sveitsaren sitt vanlege treningsopphald i Dubai i desember.

– Eg er glad for at Stefan har gått med på å jobba med oss i minst ti veker, skreiv Federer om barndomsidolet sitt.

– Eg trur dette er eit siste forsøk frå Federer, spår Francke.

32-åringen håpar å finna attende til god gamal form, etter å ha slite med ryggproblem store delar av 2013-sesongen.

Ikkje gitt at dei lukkast

I tillegg til Murray, Djokovic og Federer, har òg franske Richard Gasquet (nr. 10) og japanske Kei Nishikori (nr. 17) tilsett tidlegare Slam-vinnarar.

French Open-vinnarane Sergi Bruguera og Michael Chang har gått inn i teama til høvesvis Gasquet og Nishikori.

Wimbledon-vinnar frå 2001, Goran Ivanisevic, er framleis hovudtrenar for kroatiske Marin Cilic (nr. 37).

Men det er ikkje nødvendigvis slik at dei som har vore gode spelarar vert gode trenarar.

I etterkant av Wimbledon førre sommar hyra den russiske stjerna, Maria Sjarapova, inn Jimmy Connors som i si tid vann heile 110 titlar – åtte av desse Grand Slam. Samarbeidet varte likevel ikkje lenge. Alt etter ein månad trening, avslutta dei to samarbeidet etter tap i fyrste kamp.

– Det er klart det er ein kjempefordel å ha vore toppspelar og vunne Grand Slam, men det er sjølvsagt ingen automatikk i at ein er ein god pedagog eller trenar av den grunn, seier Francke.

Han gler seg til å sjå utviklinga.

Martina Hingis

Martina Hingis er den siste av tidlegare Slam-vinnarar som er hyra inn som konsulent. Ho skal gjer råd til Sabine Lisicki under årets Australian Open.

Foto: Toru Hanai / Reuters

– Det skal verta morosamt å fylgja. Tennis utviklar seg heile tida – ein kan ikkje kvila om ein vil vera i toppen.

Ikkje same trend på kvinnesida

På kvinnesida har me ikkje sett den same trenden. Rett nok var to gongar Grand Slam-vinnar, Amélie Mauresmo, med i trenarteamet då Marion Bartoli vann Wimbledon i fjor, og Sjarapova prøvde som nemnt eit samarbeid med Connors.

I tillegg har den yngste verdseinaren i historia (16 år, 6 månadar og 1 dag), Martina Hingis, trena ulike yngre spelarar, mellom andre Anastasia Pavlyusjenkova.

Den siste tennisnyhenda i forkant av Australian Open når det gjeld trenarsida, er likevel at nettopp Hingis skal sitja i boksen til Sabine Lisicki. Det skriv Die Welt.

Tyske Lisicki er ranka som nr. 15, og slo overraskande ut Serena Williams i 4. runde av Wimbledon i fjor, og tok seg heilt til finalen.

Siste nytt

  • Iden ikke til OL: Sorg og skader ble for mye

    Mentale og fysiske utfordringer har stått i veien for triatlonutøver Gustav Idens planer om OL-deltakelse i Paris.

    Dette forteller han til Bergensavisen fredag.

    – Det var egentlig veldig deilig å komme fram til den avgjørelsen, selv om det er utrolig kjipt. Det er en lettelse å gi slipp på det, sier Iden til avisen.

    Han forklarer avgjørelsen blant annet med sorgen etter moren, som døde av kreft i fjor. Men også problemer med den ene akillessenen har satt ham tilbake. Allerede i august i fjor skjønte han at det ikke ville bli noe OL.

    – Det har vært et brutalt år. Det ble for mye. Jeg har brukt lang tid på å komme tilbake til en akseptabel restitusjonstid, men gjennom gode samtaler med mange folk, er jeg der nå.

    Iden har ved siden av Kristian Blummenfelt vært Norges beste triatlet de siste årene. Han står med i alt tre VM-gull i Ironman og ble nummer åtte i triatlon i OL i Tokyo i 2021.

    Q6DAaGK1xwQ
    Foto: NTB
  • Zuccarello-scoring i Wild-tap

    Seattle Kraken slo Minnesota Wild 4-3 torsdag kveld og avsluttet grunnserien for de to lagene som ikke kom med i sluttspillet.

    Krakens Tye Kartye sto for 3-2-målet da det sto igjen 2.40 i siste periode. Ett minutt senere gikk Kraken opp i en 4-2-ledelse før Wilds Brock Faber reduserte til 4-3 ett minutt før kampslutt.

    Kirill Kaprizov scoret sitt 46. mål for sesongen i powerplay i første periode, og Mats Zuccarello scoret det utlignende målet for Wild midtveis i tredje periode. Det ble hans tolvte mål for sesongen.

    Nordmannen fikk 23 minutter og 44 sekunder på isen i den avsluttende hjemmekampen. (NTB)

    pa39-a-fBGA
    Foto: AP
  • Norsk fotball sikret viktig rankingplass

    Hellas kan ikke lenger ta igjen Norge på Uefa-rankingen som fordeler europacupplasser for menn fra sesongen 2025/26.

    Dermed ender Norge på 14.-plass på Det europeiske fotballforbundets (Uefa) nasjonale klubbkoeffisienter. Det betyr at årets mester i Eliteserien vil gå rett inn i den siste kvalifiseringsrunden til mesterligaen neste år.

    Skulle det ikke gå veien der, er Norges beste lag uansett garantert gruppespill i europaligaen.

    Spenningen rundt 14.-plassen levde fram til torsdag ettersom Hellas hadde to lag i conferenceligaen; Olympiakos og PAOK. Sistnevnte røk ut klart for Brugge, mens førstnevnte ble holdt til straffesparkkonkurranse mot Fenerbahçe.

    Dermed ender Hellas bak Norge på den nevnte Uefa-rankingen.

    Fordelingen av europacupplasser blir slik for Norges del sesongen 2025/26:

    * To lag i kvalifiseringen til Mesterligaen (1.- og 2.-plass i ligaen)

    * Ett lag i kvalifiseringen til Europaligaen (cupvinner)

    * To lag i kvalifiseringen til Serieligaen (3.- og 4.-plass i ligaen)

    Otfs84t2WGM
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal