- Ja til sexy antrekk i idrett

Venus Williams har lyst til å spele med blondar
Foto: PATRICK KOVARIK/AfpDet kan bli nytt moteshow på tennisbana i French Open på fredag. Med gårsdagens siger over spanske Santonja er Venus Williams vidare til tredje runde.
Publisert 27.05.2010 17:16.
- Kommentarer
- Skriv ut
Det var ikkje berre Venus Williams sine sterke servar på 128 km/t som fekk publikum til å måpe under gårsdagens kamp mot spanske Arantxa Parra Santonja (6-3, 6-3).

Venus Williams luftar sin bakerste del i 2. runde-kampen i Paris
Foto: REGIS DUVIGNAU/ReutersIført ein Moulin Rouge-inspirert korsett med matchande smykker, slo den amerikanske tennisstjerna seg lett vidare til tredje runde i French Open.
– Kleda eg spelar i representerer min personlegdom på bana, sa Venus Williams i ein pressekonferanse etter gårsdagens siger.
– Eg har lenge hatt lyst til spele med blonder. Det har aldri blitt gjort før, la ho til.
– Kle på deg
Hudfarga truser, blondekjolar og glitrande tilbehøyr. Det er Williams sjølv som designar kleda ho har på seg under kampane.
Meir sexy antrekk i idretten er noko ho lenge har fronta. Årets French Open er langt ifrå første turnering der dei minimale kreasjonane til Williams blir eit heitt tema.

Her frå turneringa i Madrid tidlegare i mai
Foto: Dani Pozo/AfpUnder same turnering i 2001 retta dåverande verdseinar Marina Hingis krass kritikk mot klesvalet til Williams.
- Eg kunne aldri ha kledd meg i ei slik drakt. Min jobb er å
spele tennis, ikkje å vise fram kroppen min, sa Hingis til den engelske avisa The Sun.
Hingis reagerte særleg på den dristige overdelen som viste mykje av Venus sitt brystparti.

Hudfarga truse skapte bølgjer i Australian Open
Foto: GREG WOOD, Foto: Greg Wood/AFPGløymte ikkje trusa
Men kritikken sat ikkje ein stoppar for Williams sine klesstunt.
Under Australian Open i vinter var det tid for å vise enda meir hud. Williams i hudfarga undertøy fekk tilskodarane til å gni seg i augo. Ryktene gjekk om tennisspelaren som spelte i berre nettoen.
– Det handlar om ein illusjon. Ein illusjon av nakenheit, seier 28-åringen om det litt spesielle undertøyet som også er ein del av outfiten i årets French Open.
– Eg ønsker å utfordre meg sjølv, både som designar og som idrettsutøvar, legg ho til.
Nye sprell på fredag?
Venus Williams er seeda som nummer to i turneringa, bak veslesyster Serena Williams.
Fredag møter ho slovakiske Dominika Cibulkova i tredje runde av French Open.
Då er det truleg nye kostymesprell i vente.
Det åpne franske tennismesterskapet 2010
- Nadal kjempet Söderling i senk
- Kan Söderling gjøre det igjen?
- Söderling og Nadal i finalen
- Dementjeva måtte gi opp
- Favorittene faller som fluer
- Fosser videre i French Open
- Williams slått ut i kvartfinalen
- Uslåelige Federer suser videre
- Andy Roddick slått ut i Paris
- Kuznetsova slått ut i Paris
- Williams til 3.runde i French Open
10 siste tennis
Federer til topps i Madrid Masters - Han slo verdens hardeste serve
- Djokovic tapte mot landsmann
- Overraskende Nadal-tap i Madrid
- Sorgtung Djokovic vendte til seier
- Williams-søstrene lett videre
- Djokovic vant Miami Masters
- Årets første tap for Azarenka
- Wozniacki slo Serena Williams
- Ba dommaren om å fjerne faren
Siste: Sport
Scoringsfest da Brann slo Sogndal - Vet for lite om senskader i fotball
- Mjeldes menn i målorgie
- Angan med historisk Molde-scoring
- Strømsgodset overtok tabelltoppen
- Tollefsen får tyn av lagkameratene
- Villstyringen har lært
- Ferrari best i Giro-maraton
- Dalglish fekk sparken i Liverpool
- Svensk seier i Tour of Norway












