Siste helg bles alle hopp- og kombinertrenna i finske Kuusamo bort. Men ikkje før arrangørane hadde utsett renna gong på gong i fleire timar kvar dag.
Laurdag klarte dei etter mykje om og men å få unnagjort ein halv omgang før dei måtte gi opp.
– Her i Norge får arrangørane tv-pengar berre når det er gjennomført renn, definert som at det må eksistere ei godkjend resultatliste etterpå, seier arrangementsansvarleg Terje Lund i Norges Skiforbund til NRK.
Ingen resultatliste – ingen tv-pengar
Avtalene er ikkje nødvendigvis heilt like frå land til land, men det er hovudregelen.
– Derfor utset vi renn i håp om at forholda skal bli gode nok til å avvikle rennet. Vi har løpande kontaktar med tv-selskapa, og avtalen er at om dei største nasjonane viser eit utsett renn når det blir avvikla, gjeld avtalen – også om rennet blir utsett til dagen etter, seier Lund.
– Men om rennet blir avlyst, får ikkje arrangøren tv-pengar. Dei sparer rett nok premiepengane, men avlysing er ein tung smell likevel, seier Lund.
– Er arrangørane forsikra?
– Nei, ikkje her i Norge. Vi droppa forsikring for rundt ti år sidan, fordi premien blei for høg, og vi har ingen planer om å gjeninnføre det, seier Lund.
Komande helg skal verdscupen til Lillehammer, og der er det mange renn: Kvalifisering og to renn for menn, kvalifisering og renn for kvinner, og to kombinertrenn.
Gislefoss er standby
Det har komme mykje snø og fredag snør det framleis tett på Lillehammer. Dagens fyrste hopptrening skulle etter planen bli gjenført klokka 11, men blei utsett på grunn av nysnø.
– Vi – og juryen – tek først og fremst omsyn til tryggleiken for hopparane, seier rennleiar Kristian Brenden til NRK. – Vi tenkjer ikkje mest på tv når vi står og skal ta avgjerder om utsetjing eller ikkje.
– Men sjølvsagt ønskjer vi at renn skal bli avvikla, og at publikum på arenaen og tv skal få sitt. Det er surt om vi avlyser, og så er det gode forhold ein time seinare. Derfor ventar vi i det lengste. Og så har vi sjølvsagt omsyn å ta til arrangementsapparatet med alle dei frivillige, seier Brenden.
– Dessutan har vi Kristen Gislefoss med oss heile tida, han vurderer ver og vind fortløpande, seier Brenden.
– Verdsmeistrar i venting
For hopparane er det vanskeleg å gå i uvisse og vente på renn som stadig blir utsett.
– Men det er slik det må vere. Dei er innstilte på å få gjennomført eit renn, og veit dei må vere klare. Dei veit også om risikoen for sterk vind og utsetjing. Dette er ein del av idretten. Hopparar er verdsmeistrar i venting, seier NRK-ekspert og tidlegare hoppar Johan Remen Evensen.