Olimb-brørne har imponert stort i ishockey-VM. Dei heng saman som erteris, og skal for første gong på ti år spele i same klubb frå hausten av.
– Det er fordi vi har same interesser. Då er det godt å kunne dele det med sin bror, seier Mathis til NRK.
Mathis og Ken Andre prøver seg som hockey-kommentatorar saman. Det går så som så.
– Vi er bestekompisar og trivst saman, seier Ken Andre.
Farlege i same rekke
Det er kviledag i VM i dag. I går scora begge brørne i 4-3-sigeren over Sveits. I morgon skal dei i fellesskap prøve å senke Kasakhstan i ein ny nøkkelkamp for Norge i VM. Dei spelar i same rekke, og er alltid farlege på isen.
– Ja, vi kjenner kvarandre godt, seier Mathis.
Begge er såkalla vinnarskallar. Det betyr at det blir intenst når dei innimellom konkurrerer mot kvarandre.
– Eg slo Mathis i badminton på hytta for nokre år sidan. Då kasta han meg i bassenget, seier Ken Andre.
– Det har hendt at vi har spela tennis og han ikkje har fått sitje på heim, supplerer Mathis.
I Linköping frå hausten av
Landslagssjef Roy Johansen likar å ha dei to brørne på isen.
– Mathis og «Kenna» er vanskelege å få has på. Dei greier å vende ut på dei fleste og orkar veldig mykje. Det er to gutar som er i veldig god form.
Og til hausten skal dei også spele for sam klubb også – svenske Linköping.
– Det er ti år sidan sist, så det skal bli triveleg, seier Ken Andre.
«Sist» var i Vålerenga i 2006-07-sesongen.
Suksessen på isen har dei ikkje heilt klart å overføre til kommentatorboksen.
– Nei, det var litt under par, det der. Vi får vel halde oss på isen litt til før vi legg opp, seier, Mathis.