Med heile sykkelverda som tilskodar forklarte spanske Contador seg om dopingstraffa han fekk måndag.
– Eg er ueinig i dommen, og forstår den ikkje. Eg har gjort alt for å bevise at eg er uskuldig. Kva kan eg gjere for å bevise det? Eg er tom for idear, sa Contador framfor eit fulltalig pressekorps.
– Eg sit igjen med ei kjensle av å ha blitt grundig lurt. Alle drøymane mine er knust.
– Hardt å sjå familien gå gjennom dette
Contador blei fråteken alle andre resultat etter 25. januar 2011, som er starttidspunktet for utestenginga på to år.
Suspensjonsperioden Contador hadde i 2010 blir trekt frå dei to årene, dermed varar utestenginga ut 5. august 2012.
– Alle her i dag kan vere einig i at saka har pågått for lenge. Denne saka har vore skadeleg for sykkelsporten, laget vårt og Alberto Contador, sa spanjolens teamsjef i danske Saxobank, Bjarne Riis.
Det kunne den dopingtatte spanjolen seie seg einig i.
– Det har også vore veldig hardt å sjå familien og spesielt kona gå gjennom dette, sa sykkelstjerna.
– Følte meg som ein kriminell
Også Contador sjølv fortalde om ei tung tid etter dopingtesten i 2010.
– Før Giro d'Italia i 2011 sat eg i avhøyr i fem timar. Eg følte meg som ein kriminell.
Med dommen mista spanjolen samanlagtsigrane frå Tour de France i 2010 og Giro d'Italia i 2011.
– Det verste er ikkje utestenginga eller bota eg får. Det verste er at eg misser sigrane, som er viktige minne for både meg og fansen, sa Contador.
Saka held fram!
Vil endre regelverket
Sportssjef Bjarne Riis var openbart skuffa over dommen, og fortalde at Contador hadde lagets fulle støtte.
– Vi vil respektere CAS-dommen og rette oss etter den. I dommen står det at denne saken har intet med juks å gjøre, men at den etter alt å dømme handlar om eit uhell. Laget har valgt å støtte Alberto 100 prosent, sa Riis tirsdag.
Contador sjølv meiner han er dømt av eit regelverk som ikkje fungerer, og at det difor bør endrast.
– Dei som les dommen vil ikkje forstå den. Noko er gale med systemet, og reglane må endrast. Eg er ingen advokat, så nokon andre må svare på kvifor dette er gale, sa Contador.
Advokatane analyserer dommen
CAS var i utgangspunktet siste ankeinstans i dopingsaka. Men for Contador er framleis mogleg å reinvaske ryktet.
Syklisten kan nemleg gå til sivil sak i Sveits dersom det har gått føre seg prosedyrefeil i saka.
– Eg og advokatane mine jo hardt med å analysere dommen. Eg vil kjempe til det ytste for å bevise uskulda mi, og kjem til å sjå på moglegheitene han har, sa spanjolen.
Å avslutte sykkelkarrieren etter å ha fått dopingstempelet er ikkje aktuelt.
– Akkurat no er eg langt nede, men eg lovar å komme sterkare tilbake.
– Kor nøgd er du med støtta du har fått frå media?
– Eg er veldig takknemleg for all støtten eg har fått, sa Contador til øredøvande applaus frå pressen.
NB: I en tidligere versjon av denne saken sto det at journalistene på pressekonferansen på et tidspunkt klappet da Contador snakket. Det stemmer ikke. Klappingen kom fra Contador-fans som også befant seg i rommet.