Aksel køydre inn i ei kraftig vindkule i siste bakken ned mot mål og mista leiinga med 19 hundredelar.
– Litt surt, men eg er happy med andreplassen, sa Aksel til NRK etter at andreplassen var sikra.
Det var kraftig vind under konkurransen, og starten måtte utsetjast nokre minutt på grunn av det. Eitt av hoppa vart også redusert litt på grunn av dei kolossale vindkasta.
– Det var sterk vind då eg kom ut i det siste henget. Der går det i 130, og i den vinden får du nokså mange kilometer imot også. Eg merka det godt i kroppen. Men det gjaldt sjølvsagt dei andre også, sa Svindal.
– Men elles er det perfekte forhold. Arrangørane har jobba god med løypa, legg han til.
Video: Aksel fornøgd trass alt. Artikkelen held framunder videoen.
– Eit godt jafs
Andreplassen gav Svindal 80 poeng, godt å ha i kampen mot Marcel Hirscher i kampen om verdscupen. No skil det 129 poeng.
– Det er eit godt jafs. Men eg må jo berre jafse og sjå kor langt det kjem, seier Aksel. Han kan knappe ytterlegare godt innpå når det er super-G søndag.
– Der er eg 99 prosent sikker på at Aksel vinn, sa NRKs ekspertkommentator Kjetil Andre Aamodt.
På startnummeret før hadde Adrien Theaux teke leiinga, og stod også som vinnar til slutt. Svindal låg føre franskmannen i det meste av sitt renn. Men i siste henget møtte han den kraftige vinden i Kvitfjell-løypa, og det kosta for mykje.
Klaus Kröll tok tredjeplassen, 50 hundredeler bak Theaux.