– Det var ein parodi frå start til mål. Det var heilt svart, seier Emil Hegle Svendsen om innsatsen på VM-sprinten i Kontiolahti.
29-åringen enda på ein 36.-plass då Johannes Thingnes Bø gjekk inn til gull.
Svendsen var lite fornøgd med sitt eige løp, men såg humoren i det noko merkelege fallet han hadde i VM-løypa.
– Eg veit ikkje kva som skjer i det eg går ned. Eg trudde eg var på toppen av bakken, så var eg ikkje det likevel. Då tryna eg. Bakken slo meg ut, sa Svendsen.
Bomma grovt på standplass
Mannen med 11 VM-gull lo då han fekk sjå fallet.
– Ha-ha. Det såg jævlig bra ut. Den var fin.
Nordmannen innrømmer at fallet påverka prestasjonen. Svendsen bomma heile fire gangar på standplass.
– Etter fallet hadde eg ein bomma eg med ti centimeter på det eine skotet. Det var skikkeleg svart, seier Svendsen.
– Er løpet køyrt med tanke på jaktstarten i morgon?
– Akkurat no er eg ikkje veldig aggressiv. Eg får prøve å gå meg opp nokre plassar. Då er det ikkje så verst, men dette var ikkje nokon kjekk start.
– Eg er rusten, seier Svendsen, som har slitt med sjukdom denne sesongen.
Sterk i sporet
I løypa gjekk det ikkje så ille for Svendsen, som var 22 sekund dårlegare enn Johannes Thingnes Bø i sporet.
– Det føltes bra i sporet. Sånn sett var det moro å gå, men starten var ikkje noko kjekk når ein ser resultatet.
Svendsen går ut eitt minutt og 40 sekund bak Thingnes Bø på jaktstarten søndag.