– Vil du ha det gullet?!
Martin Johnsrud Sundby ropar alt han kan til kompisen Stig Andre Berge ved sidan av han på mølla. Han har tatt med mannen som i fjor tok VM-bronse i bryting til kjellaren på Olympiatoppen for ei skikkeleg syreøkt.
– Ein av dei råaste i landet
– Han får ikkje nok matching av brytegutta, derfor tenkte eg at eg har lyst til å hjelpe han litt og sjå kva han er god for på ei skikkeleg skiøkt, gliser Sundby med kapsen bak fram, klar for ein heilt vanleg treningsøkt for hans vedkommande.
Elghufs i bratt motbakke, eller springande intervall med skistavar om du vil. Noregs beste brytar søkjer altså verdas beste skiløpar, for å førebu seg på best mogleg vis til VM i Las Vegas.
– Styrken min på matta er kondisjon, det er ingen som klarar å matche meg på det i brytinga. No jobbar eg med å få det til å bli eit enda større våpen slik at eg kan avgjere absolutt alle kampar. Då må eg hente inn ekspertise på området, fortel Berge.
Det er akkurat derfor Berge no gisper etter luft og vrir seg i smerte på matta ved sidan av mølla.
– Martin er ein av dei råaste når det gjeld kondisjon. Han har ein vinnarmentalitet og ein kapasitet som eg verkeleg beundrar.
Det er ingen tvil om at beundringa mellom dei to toppidrettsutøvarane er gjensidig.
– Eg elskar mentaliteten og den vilja han har. Det er synd at ikkje alle i Noreg veit kven han er, eg meiner han er ein av dei råaste idrettsutøvarane me har i landet. Og det viser han her i dag, han gjev seg jo aldri, seier Sundby og ser bort på den hardtkjempande 31-åringen.
Kjenner seg igjen i Falun-nedturen
Nedturen med sjukdom då det galdt som mest i Falun i vinter for Sundby, er noko brytarkompisen kan kjenne seg igjen i.
Til no i karrieren har Berge delteke i 23 VM, EM og OL. Berre i to av dei har han kome heim med medalje.
– Det har vore 21 nedturar, men eg reiser meg alltid. Det er då den medaljen blir så vanvitig god når me klarar å hjelpe kvarandre fram til suksess og klarer å motbevise når alle andre har mista trua.
Mista trua har definitivt ikkje Martin Johnsrud Sundby.
– Eg er heilt sikker på at han stikker av med ein OL-medalje i Rio.
Før det skal Oslo-guten kjempe om ny VM-medalje i sjølvaste Las Vegas i september.