– Han smadrar feltet! nærmast ropar kommentator Jann Post ut i det Martin Johnsrud Sundby set inn det siste rykket før mål.
– Det var eit godt løp, men eg håpar kroppen framleis kan bli eit par knepp betre i Kuusamo, seier Sundby til NRK etter målgang.
Northug hang seg på Sundby
Det håpar nok Petter Northug også. Sundby starta et minutt bak Northug, men tok etter kvart igjen trønderen ute i løypa. Da starta Northug for alvor rennet og ville ikkje gje frå seg ryggen til Sundby. Han fylgde det forrykande tempoet til Sundby heilt inn til mål og sjølvagt ville ikkje Northug gje frå seg spurten da dei kom saman inn på oppløpet.
Det heldt til ein fjerdeplass for Northug, men sigeren er Martin Johnsruds Sundby sin i rein utklassingsstil. For andre dag på rad er Røa-løparen den suverent raskaste i løypa, og i dag får han også lov til å stå øvst på pallen.
– Det var sjølvsagt kjedeleg i går, eg tek meg litt nær av slike ting. Men da eg såg nyheiten frå Frankrike fekk eg ein reality-check. Da skjønar ein kor lite idrett eigentleg betyr og da skuffinga seg, fortel Sundby.
Northug gler seg til minitour
Sundby vann 47,4 sekund framfor Hans Christer Holund på andreplass.
Holund meinte på spøkefullt vis at Sundby drog fordel av å ha starta på skøytetreninga allereie under klassiskrennet i går.
– Martin tjuvtrente jo i går, så det er ikkje rart han er best i dag, smiler mannen som var pallen både i går og i dag.
LES SAKA: Sundby så reprisen med NRK: – Fortsatt ikke enig
Franske Robin Duvillard tok tredjeplassen 59,1 sekund bak. Petter Northug blei nummer fire 59,7 sekund bak. Han var godt fornøgd med gjennomkøyringa han fekk.
– Det var den fyrste hardøkta mi etter høgda og derfor blei det litt seigt. Det var som forventa, seier Northug til NRK i målområdet.
Nå handlar alt om å samle overskot før Kuusamo og verdscupopninga der om to veker.
– Kuusamo blir spennande. Det er tøffe løyper og ein minitour som passar meg bra.
Den ser også Sundby fram mot.
– Eg gler meg veldig til Kuusamo, der trur eg det blir masse spennande duellar. Eg gler meg til å kome i gang og sjå nivået på resten av dei store gutta. Legkov såg ekstremt sterk ut da eg møtte han i høgda.
Resultater 15 kilometer fri:
1. Martin Johnsrud Sundby 36.12,1,
2. Hans Christer Holund + 47,4,
3. Robin Duvillard 49,1,
4. Petter Northug +59,7,
5. Maurice Manificat + 1.00,2,
6. Andrew Musgrawe + 1.00,7,
7. Tarjei Bø + 1.31,6,
8. Martin Løwstrøm Nyenget + 1.33,2,
9. Hallvard Løfald + 1.34,8,
10. Emil Nyeng + 1.36,0