– Me har sett på moglegheitene for å søkja så langt det lét seg gjera, men me må diverre seia nei. Den økonomiske kalkylen er for usikker, sa Moderaterna-politiker Sten Nordin til SVT.
Eli Grimsby, direktør for Oslo 2022, er overtydd om at svenskane sitt nei betrar sjansane for eit OL i Noreg.
– Stockholm kunne ha vorte ein verdig konkurrent. Dette aukar våre sjansar, seier ho og legg til:
– Det vert tydelegare at Norden har éin kandidat.
Urimelege kostnadar
I dag vart det klart at partiet Moderaterna i Stadshuset seier nei til vinter-OL i Stockholm i 2022. Dermed har alle dei borgarlege partia og Vänsterpartiet gjeve tommelen ned for å søkja om å skipa leikane.
Partia i Stockholm meiner kostnadsberekningar som er gjort er urimelege.
Dei meiner at for å gå i gang med ein slik prosess, må ein overtyda Stockholm-folket om at dette held økonomisk.
- Les også: Sverige vil utfordre Oslo i OL-kampen
- Les også: Disse byene skal gi Oslo OL-konkurranse
– Me har jobba grundig
Grimsby fortel at dei har vore spente på kva som skulle koma på pressekonferansen i Stockholm i dag. Ho trur søknadane kunne ha likna mykje på kvarandre.
– Stockholm ville på same måte som Oslo ha ynskje om å leggja mange øvingar i sjølve byen.
– Men vert ikkje kostnadane urimelege høge også for Oslo?
– Det som er skilnaden på vårt og Stockholm sitt arbeid, er at me har jobba grundig i meir enn eitt og eit halvt år. Tala våre har vore kvalitetssikra både av Oslo kommune og staten sine kvalitetssikrarar. Me kan i større grad lita på tala våre, seier Grimsby og påpeikar:
– Det vil vera viktig for regjering og storting når dei skal handsama arbeidet me har gjort og den søknaden som er sendt.
Ifylgje Grimsby har ikkje Stockholm fått jobba så mykje med verken budsjett eller konsept.
Skal overtyda IOC i Sotsji
OL i Sotsji er fyrste høve til å promotera Oslo 2022.
– Då skal me møta mange av IOC-medlemmane som har betyding for valet av byen som skal ha leikane i 2022. Det er heilt klart spennande tider, seier Grimsby.