– Det er kjipt. Ein trener ikkje to gangar om dagen heile året for å sitte på benken, seier Györ-backen Linn Jørum Sulland.
31-åringen slo for alvor gjennom i 2010 då ho kom inn som reserve og gjorde knallsuksess i semifinalen og finalen då Norge vann EM-gull i nettopp Herning, der Norge speler finale mot Nederland i kveld.
Året etter blei distanseskyttaren turneringas toppscorar med 51 mål då Norge tok VM-gull i Brasil.
Under OL-finalen i 2012 opplevde Sulland sin største suksess med 10 scoringar.
I fjor måtte Sulland stå over EM på grunn av skade.
Etter kvart som Stine Bredal Oftedal og Nora Mørk fekk større rollar på landslaget, har Sulland mista sin posisjon som lagets gigant.
– Det er stor forskjell frå 2011. Det er rart når du føler du ikkje får vere med og bidra. No speler vi ein heilt annan handball, seier Sulland.
– I 2011 spelte eg nesten heile tida. Rolla er rveldig forandra frå den gangen, seier Sulland, som også har hatt mindre skader i årets VM.
– Mørk er den nye vinen
NRKs handballekspert Geir Oustorp forklarer kvifor:
– Det største forskjellen er at angrepsspelet går mykje kjappare no. Uheldigvis går det ut over Sulland. Nora Mørk er den nye vinen. Ho har tempoet dette landslaget vil spele med, seier han.
– Kvifor seier du uheldigvis?
– Eg synst vi har plass til Sulland i laget også. Ho har det beste skotet av
bakspelarane. Det er synd at vi ikkje får brukt det meir. Om det er lov å seie noko om svakheiter i dette laget så er det at vi manglar distanseskot-spelarar, seier Oustorp.
– Sjølvtillit og tillit er avgjørande for at ein spelar skal fungere. Det slit ho med på landslaget, seier Oustorp.
Sulland har sett seg eit mål om å komme sterkare tilbake under OL i Rio neste sesong.
– Men det ser vanskeleg ut?
– Definitivt. Slik vi speler i dag er det ikkje veldig mykje rom for langskyttarar, seier Sulland.
Breivang-exit
Oustorp meiner også at Karoline Dyhre Breivangs karriereslutt har hatt stor betydning for Sulland.
– Kaptein Oftedal og Karoline Dyhre Breivang er to vidt forskjellige spelarar. Breivang var mykje flinkare til å bruke Sulland riktig enn det Stine er, seier Oustorp.
– Det er vanskeleg å seie at landslagssjef Hergeirsson burde prioritere annleis. Men for å ha enda fleire strenger å spele på synst eg også at vi skal utvikle spelet så det blir plass til Sulland.