Hopp til innhold

Solskjær: – Vi skal vere favorittar

I fjor var Molde eitt straffespark unna ei svært god moglegheit til spel i meisterligaen. No håper Ole Gunnar Solskjær at marginane er på Molde si side i årets kvalifisering.

Ole Gunnar Solskjær

Molde-manager Ole Gunnar Solskjær er klar på at avansement frå andre kvalifiseringsrunde blir svært viktig. Då må irske Sligo Rovers slåast over to kampar.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Yann Sommer

Her blir Yann Sommer rista i pur glede av lagkameratar etter at han redda Magne Hoseth sitt straffespark på overtid.

Foto: MICHAEL BUHOLZER / Reuters

8. august i fjor hadde Molde ei gyllen moglegheit, mot ein antatt sterkare motstandar. Oddsa var verkeleg imot Molde då dei hadde tapt 1–0 på Aker stadion i den første av to kampar mot sveitsiske Basel.

I returoppgjeret i Sveits storspelte derimot Molde, og dei blå og kvite tidvis herja med Basel. Likevel gjekk kampen mot 1-1, men på overtid fekk Molde straffe. Magne Hoseth, til vanleg blant dei mest sikre straffeskyttarane i Noreg, gjekk fram og kunne sende Molde til play-off, men veteranen bomma .

Molde gjekk til Europaliga-playoff og avanserte ved å slå Heerenveen, medan Basel fekk spele playoff til meisterligaen.

Over to kamper tapte Basel på bortemålsregelen for rumenske CFR Cluj.

– Små marginar

At eit Molde-lag, i storform, var ei hårsbreidd frå å møte antatt svakare CFR Cluj, er ikkje gløymt.

Det er den største turneringa i verda, og ei fantastisk moglegheit til å få vise seg fram. Ramma er spesiell, og berre det å høyre hymna er spesielt. Den vil eg gjerne høyre igjen.

Daniel Berg Hestad, Molde-veteran

– I fjor var vi eit straffespark unna den siste kvalikrunden til Champions League. Det er små marginar, slår Molde-veteran Daniel Berg Hestad fast.

Han var blant Molde-spelarane som verkeleg viste seg frå si beste side i Europa i fjor. No vil han ikkje berre nesten til meisterligaen, men heilt dit.

– Det er kjempeviktig for oss, både økonomisk og sportsleg. Turneringa er fantastisk å vere med i, seier Hestad – som var med i turneringa i 1999 med Molde.

– Det er ei gulrot, spesielt for unggutane som har sett Champions League på TV. Det er den største turneringa i verda, og ei fantastisk moglegheit til å få vise seg fram. Ramma er spesiell, og berre det å høyre hymna er spesielt. Den vil eg gjerne høyre igjen.

Saka held fram under videoen.

En utrent Vegard Forren er tilbake i Molde etter oppholdet i Southampton. Nå drømmer han om å spille for Molde i onsdagens mesterliga-kvalifisering borte mot irske Sligo Rovers.
Even Hovland

Molde-midtstoppar Even Hovland gler seg stort til meisterligakvaliken.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / Scanpix

Solskjær utropar Molde til favoritt

Motstandar til Molde, irske Sligo Rovers, blei seriemeister i Irland.

– Vi møter eit Sligo-lag som vi skal vere favorittar mot, men det er sjølvsagt på dagen ein skal gjere det, seier Ole Gunnar Solskjær.

Molde-manageren reiste til Irland saman med resten av laget tysdag, og fortel til NRK at dei gler seg stort til kamp.

– Kor viktig blir det å karre seg vidare og eventuelt kvalifisere seg til meisterligaen?

– Går vi vidare frå andre runde får vi i alle fall fire kampar til i Europa, noko som er veldig viktig for oss, svarer Solskjær politisk.

Daniel Berg Hestad

Molde-ringrev Daniel Berg Hestad er svært lysten på meir spel i verdas gjævaste turnering.

Foto: Erik Hattrem / NRK

Veit lite om laget

Even Hovland, som etter kampen mot Viking laurdag blei utropt som landslagsklar av Solskjær , meiner det ikkje blir nokon lett kamp.

– Kvaliken er viktig, for vi vil ut og spele mot dei beste i Europa. Då må vi vere godt førebudde, for det kjem ikkje til å bli lett, meiner sogningen.

Midtstopparen meiner Molde ikkje må ta lett på det.

– Men vi har gode moglegheiter. Vi skal til Irland for å få med oss eit godt resultat heim til Noreg. Så får vi sjå.

– Kor mykje veit de om Sligo Rovers?

– Vi veit ikkje så mykje, vi spelarane, men eg reknar med at trenarteamet har full kontroll, avsluttar Hovland.

Daniel Berg Hestad er nesten like blank om motstandaren, men meiner dei er hakket kvassare enn mange av dei andre laga Molde kunne trekt.

– Men eg har svært god tru på avansement, slår Berg Hestad fast.

Siste nytt

  • To Carlsen-seirer i Tyskland

    Sjakkstjernen Magnus Carlsen vant begge sine partier torsdag og ligger alene på toppen av Chess Classic i tyske Karlsruhe etter seks runder.

    Nordmannen står med fire poeng etter de første seks rundene og har ett poeng ned til sine nærmeste konkurrenter. Torsdagens seirer kom mot Vincent Keymer (Tyskland) og Richard Rapport (Romania).

    Turneringen spilles i formatet «rask klassisk», som betyr at spillerne har 45 minutter på klokka og får ti sekunder ekstra for hvert trekk.

    Alle de seks deltakerne skal møte hverandre to ganger hver innledningsvis, før det er finale, kamp om tredje- og femteplass 2. påskedag.

    Det er første gang turneringen arrangeres etter koronapandemien. Carlsen har vunnet turneringen to ganger tidligere og er tittelforsvarer ettersom han vant i 2019. (NTB)

    Magnus Carlsen Samarkand
    Foto: Lennart Ootes / Fide
  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal