Hopp til innhold

Cardiff-supporterane jublar over Solskjær-tilsetting

Ole Gunnar Solskjær sitt ja til walisiske Cardiff blir møtt med jubel blant dei norske supporterane.

Anders Sigdestad

JUBEL: Anders Sigdestad tek ein «ayatollah», som er Cardiff sin kjende feiring/dans etter tilsettinga av Ole Gunnar Solskjær som manager i Cardiff.

Foto: Privat

I dag vart det klart at tidlegare Manchester United-spelar, og Molde-manager, Ole Gunnar Solskjær tek over managerrolla i den walisiske Premier League-klubben Cardiff.

Til stor glede for norske Cardiff-supporterar.

– Det er den beste manageren vi kunne fått. Eg trudde aldri vi skulle få ein så dyktig manager, jublar Anders Sigdestad, leiar i Cardiff sin skandinaviske supporterklubb.

Håplaus sparking

Ole Gunnar Solskjær

PRESENTERT: Ole Gunnar Solskjær blir presentert som ny Cardiff-manager.

Foto: Espen Aas / NRK

Rykta kring den tidlegare landslagsspissen byrja å svirre kort tid etter at styret og klubbeigar Vincent Tan gav Malky Mackay sparken for fem dagar sidan.

I dag vart det altså klart at den tidlegare United-yndlingen erstattar Cardiff sin mest suksessfulle manager. Av 125 spelte kampar, har Mackay måtte sjå sine spelarar tape 34 kampar. I fjor trona dei øvst i Championship og vart med det den andre walisiske klubben i Premier League, saman med Swansea.

– Eg tykkjer sparkinga var heilt håplaus. Mackay gjorde ein god jobb og har den beste statistikken med klubben. I fjor tapte vi knapt ein kamp på heimebane. Vi hadde vel to. Og så har det ikkje gått så alt for dårleg i år heller, seier Sigdestad.

Sir Ferguson som læremeister

(Artikkelen held fram under biletet)

Ferguson og Solskjær

LÆREMEISTER: Ole Gunnar Solskjær la opp som spelar i 2007. Gjennom 11 år fekk han 235 kampar og 91 mål for dei «raude djevlar»

Foto: Lindsey Parnaby / NTB scanpix

Den tidlegare Molde-manageren tek over eit nyopprykka Cardiff som med to sigrar på ti siste kampane har segla nærare og nærare nedrykksstriden. Med 18 poeng har dei eitt poeng meir enn Crystal Palace.

Solskjær har leia Molde til to seriemeisterskap og eitt cupmeisterskap. Leiaren av supporterklubben trur Solskjær også vil lukkast med FA-cupvinnaren frå 1927.

Sjølv om det å leie lag i Norge er noko heilt anna enn å leie lag i England.

– Han har spelt i Premier League, vore ein dyktig trenar for mellom anna reservelaget til United. Han har hatt ein god læremeister i Sir Alex Ferguson, så dette trur eg han taklar heilt fint, seier Sigdestad.

Som Sir Ferguson

– Eg håpa han skulle gjere det bra i Molde og hadde vel aldri trudd at vi skulle få han som manager i Cardiff. Han er ein framtidig landslagstrenar og Premier League-trenar.

– Du trur Cardiff vil få si stordomstid?

– Ja, no satsar vi på at Solskjær gjer som Sir Ferguson gjorde i United. Det handlar om å unngå nedrykk i år, og så byggje seg opp over tid. Så blir dette svært bra.

Håpar på første nordmann

Unødig å seie, Sir Alex Ferguson er engelsk fotballs mestvinnande manager nokosinne som manager i Manchester United i over 26 år. Frå 1986 til 2013 leia skotten klubben til 38 trofé, mellom desse 13 i Premier League og to i meisterligaen.

– Det blir sagt at han har fått lovnad om å bruke 250 millionar på spelarar, og ser vel ikkje vekk ifrå at han kan hente nokre spelarar frå Molde.

– Cardiff har ikkje hatt nordmenn i klubben før, så kven du håpar blir den første?

– Eg skulle helst sett ein spiss, men der er vel ingen i Molde som peikar seg ut. Derimot er Mats Møller Dæhli og keeper Ørjan Nyland spennande spelarar og to spelarar for framtida. Even Hovland har eg også alltid hatt sansen for, så det hadde vore kult å sett han i Cardiff.

Større interesse

Den Skandinaviske supporterklubben har allereie merka auka interesse etter at spekulasjonane byrja å rulle rundt Cardiff og Solskjær. Dei siste åra har klubben hatt kring 35 medlemer, medan toppåra med 60 medlemer var tida der Jimmy Floyd Hasselbaink og Robbie Fowler spelte i klubben.

– Eg trur kanskje vi vil merke større interesse no, og har allereie sett på Twitter at folk vil halde litt med Cardiff no som Solskjær er der.

– Vi har halde låge budsjett, men det vi må vel sleppe litt opp no. Det spørst om vi ikkje må til med medlemskort att, humrar Sigdestad og håpar klubben kan komme opp i 60–70 medlemer.

P.S. Ein ting Cardiff-supporterane får ein grei jobb med, er å tilpasse hymnen til eigen klubb til nytilsettinga. Hymnen United supporterane laga til Ole Gunnar Solskjær i hans aktive tid har nemlig same melodi som hymnen til Cardiff:

You are my Solskjaer, My Ole Solskjaer,
You make me happy, When skies are grey,
Oh Alan Shearer was f*cking dearer,
But please don't take my Solskjaer away!

(Melodi: "You Are My Sunshine") / Solskjær-songen

You are my Cardiff, my only Cardiff, you make me happy when skies are grey. You'll never notice how much I love you, so please don't take my Cardiff away!

Scandinavian Bluebirds / Scandinavian Bluebirds

Siste nytt

  • Iden ikke til OL: Sorg og skader ble for mye

    Mentale og fysiske utfordringer har stått i veien for triatlonutøver Gustav Idens planer om OL-deltakelse i Paris.

    Dette forteller han til Bergensavisen fredag.

    – Det var egentlig veldig deilig å komme fram til den avgjørelsen, selv om det er utrolig kjipt. Det er en lettelse å gi slipp på det, sier Iden til avisen.

    Han forklarer avgjørelsen blant annet med sorgen etter moren, som døde av kreft i fjor. Men også problemer med den ene akillessenen har satt ham tilbake. Allerede i august i fjor skjønte han at det ikke ville bli noe OL.

    – Det har vært et brutalt år. Det ble for mye. Jeg har brukt lang tid på å komme tilbake til en akseptabel restitusjonstid, men gjennom gode samtaler med mange folk, er jeg der nå.

    Iden har ved siden av Kristian Blummenfelt vært Norges beste triatlet de siste årene. Han står med i alt tre VM-gull i Ironman og ble nummer åtte i triatlon i OL i Tokyo i 2021.

    Q6DAaGK1xwQ
    Foto: NTB
  • Zuccarello-scoring i Wild-tap

    Seattle Kraken slo Minnesota Wild 4-3 torsdag kveld og avsluttet grunnserien for de to lagene som ikke kom med i sluttspillet.

    Krakens Tye Kartye sto for 3-2-målet da det sto igjen 2.40 i siste periode. Ett minutt senere gikk Kraken opp i en 4-2-ledelse før Wilds Brock Faber reduserte til 4-3 ett minutt før kampslutt.

    Kirill Kaprizov scoret sitt 46. mål for sesongen i powerplay i første periode, og Mats Zuccarello scoret det utlignende målet for Wild midtveis i tredje periode. Det ble hans tolvte mål for sesongen.

    Nordmannen fikk 23 minutter og 44 sekunder på isen i den avsluttende hjemmekampen. (NTB)

    pa39-a-fBGA
    Foto: AP
  • Norsk fotball sikret viktig rankingplass

    Hellas kan ikke lenger ta igjen Norge på Uefa-rankingen som fordeler europacupplasser for menn fra sesongen 2025/26.

    Dermed ender Norge på 14.-plass på Det europeiske fotballforbundets (Uefa) nasjonale klubbkoeffisienter. Det betyr at årets mester i Eliteserien vil gå rett inn i den siste kvalifiseringsrunden til mesterligaen neste år.

    Skulle det ikke gå veien der, er Norges beste lag uansett garantert gruppespill i europaligaen.

    Spenningen rundt 14.-plassen levde fram til torsdag ettersom Hellas hadde to lag i conferenceligaen; Olympiakos og PAOK. Sistnevnte røk ut klart for Brugge, mens førstnevnte ble holdt til straffesparkkonkurranse mot Fenerbahçe.

    Dermed ender Hellas bak Norge på den nevnte Uefa-rankingen.

    Fordelingen av europacupplasser blir slik for Norges del sesongen 2025/26:

    * To lag i kvalifiseringen til Mesterligaen (1.- og 2.-plass i ligaen)

    * Ett lag i kvalifiseringen til Europaligaen (cupvinner)

    * To lag i kvalifiseringen til Serieligaen (3.- og 4.-plass i ligaen)

    Otfs84t2WGM
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal