– Villdyret har vakna, sa NRKs kommentator Torgeir Bjørn.
Northug var først i bakken inn mot oppløpet. Så tok Sondre Turvoll Fossli over og skaffa seg ei lita luke, som Northug tetta igjen. Inn mot mål var den gamle skikongen suveren.
Han var den einaste av finalistane som gjekk utan festesmurning i snøveret på Beitostølen. Derfor var det stakinga som avgjorde i innspurten.
– Ei gri gjennomkøyring
Sprintspesialisten Sondre Turvoll Fossli tok andreplassen. Langdistanseløpar Johan Kjølstad vart nummer tre.
– Det var ei grei gjennomkøyring. Det var viktig å trene sprint med prolog, fire tøffe heat med litt fart. Det får vi ikkje om sommaren, sa Northug.
Video: – Farten skal kome før VM i Falun, seier Petter Northug. Sjå intervjuet her
Manglar fart
– Det var viktig for meg å få litt fart i kroppen. Eg manglar litt fart på distanserenna, det har eg oppdaga her på Beitostølen. Men det er mykje trening i kroppen. Det er ikkje sikkert farten kjem til neste helg heller. Men den skal komme til VM i Falun, lovar Northug.
Men det går viktige renn før det. Neste helg opnar verdscupen i Finland.
– No tenkjer vi Kuusamo, og ikkje minst minitouren helga etterpå. Der blir det delt ut mykje poeng. Men det er uansett ikkje dei renna folk hugsar etterpå. Dei kjem i Falun, og der skal det bli krig, seier Northug.
Fossli var nokså nøgd med løpet, trass i at han mista leiinga.
– Eg veit at han har evne til å kome sterkt på slutten, og det var ingen overrasking at han skulle bli for sterk for meg. Men eg håpar dette ikkje betyr at han er i toppform, for det held ikkje utopver i sesongen, sa han.
Resultat:
1) Petter Northug jr., Norge 3.29,14, 2) Sondre Turvoll Fossli, Norge 0,4 sek. bak, 3) Johan Kjølstad, Norge 1,1, 4) Pål Golberg, Norge 4,1, 5) Timo Andre Bakken, Norge 6,4, 6) Ola Vigen Hattestad, Norge 6,6, 7) Emil Nyeng, Norge, 8) Vegard
Bjerkreim Nilsen, Norge, 9) Morten Eide Pedersen, Norge, 10) Alexander Wolz, Tyskland.