Laurdag morgon går Norges nest største sykkelritt av stabelen. Det ni mil lange Nordsjørittet frå Egersund til Sandnes i Rogaland.
Og som vanleg, når det kjem til sykkelritt, er arrangørane, utøvarane og publikum svært opptekne av vêrmeldingane. Og til den nye rittleiaren, Siri Ommedal, si store glede, er ikkje desse avskremmande.
- NRK.no streamer Nordsjørittet laurdag 10.30 til 18.30
- Les òg:
Kan bli kuling sør for Obrestad
– Det er varsla nordvest frisk bris, i periodar kan det koma opp i liten kuling, men berre sør for Obrestad. Det vil truleg ikkje regna nokon ting, og til tider kjem nok også sola til å kikka fram seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Harald Abildsnes.
Vinden skal koma frå nordvest, og det vil sei som motvind. Men største del av løypa er det snakk om laber bris.
– Vind er me vande med på Jæren, så me toler ein bris. Eg er veldig nøgd med meldingane, og spesielt viktig er det at det ikkje høljregnar, slik me har litt erfaring med, seier Ommedal.
Alt i rute
Ho seier at dette er viktig for at Nordsjørittet skal bli ein folkefest.
– Det er klart at det kjem meir publikum, dersom det ikkje regner. For syklistane er vêret viktigast før dei byrjer med å sykla, undervegs kan det berre vera godt med litt nedkjølande dropar, seier ho.
– Men det blir eit blodslit?
– Ni mil er ni mil, uansett vêr, svarer Ommedal og ler.
Ho fortel at rigginga, og utdeling av startnummer er i rute. Nå gler ho seg til Nordsjøritt nummer 16.