– Eg opna hardt, men det blei tyngre utover i løpet. Dette er veldig ergeleg, seier Thingnes Bø (22) om fjerdeplassen.
Under fjorårets VM i Kontiolahti tok han gull på sprinten. I år stod ein sur bom på standplass og tunge forhold i løypa i vegen for ny sprint-medalje for stryningen.
Trudde på speilblanke spor - fekk tunge forhold
På sisterunden blei det blytungt for 22-åringen, som starta seint fordi han trudde det skulle bli hardare i løypa mot slutten av rennet.
I staden skjedde det motsette. VM-vinnar Martin Fourcade med startnummer åtte gjekk eit kjempelangrenn under gode forhold på sisterunden.
For Thingnes Bø med startnummer 58 gjekk det trått.
I målområdet blei han liggande i fleire minutt på magen, før han reiste seg opp og tok vegen til intervjusona.
– Vi tenkte at det var risikabelt å starte først sidan det kunne vere snø i lufta. Planen var også at det skulle bli speilblanke spor. Det blei det heller ikkje. I staden blei det våt snø.
– Det er vanskeleg å seie om det var ein feilvurdering, men det kan sjå sånn ut. Det blei nok motsett av det vi håpa på, seier Thingnes Bø.
Fourcade: – Forholda hadde liten betydning
Frankrike og Russland var dei einaste store nasjonane som starta tidleg, men gullvinnar Martin Fourcade trur ikkje forholda hadde noko å seie for konkurransen.
– Vi trudde løypa skulle bli verre og verre. Alle andre nasjonar trudde det skulle bli beder mot slutten. Eg trur forholda var stabile heile vegen, seier Fourcade.
– Johannes Thingnes Bø meinte det var tyngre å gå mot slutten...
– Det gjør meg litt skuffa at ein kjem med slike unnskyldningar for at det ikkje går bra. Det er gjør deg ikkje til ein bedre skiskyttar, seier Fourcade.
Aa Djupvik: – Likt for alle
Skiskyttarsjef Morten Aa Djupvik trur heller ikkje forholda var så mykje dårlegare for Fourcade med startnummer åtte enn for Thingnes Bø med startnummer 58.
– Eg snakka med Tarjei Bø og Emil Hegle Svendsen. Dei meiner at skia var gode sjølv om dei avslutta seint. I tillegg går Ole Einar Bjørndalen bra og tar sølv med høgt startnummer, seier Aa Djupvik.
– Så du føler ikkje at det var eit feil å gå ut seint...
– Eg trur forholda var veldig like i dag, seier han.
Bø om bommen: – Skotet gjekk av før eg sikta
For Thingnes Bø blei nok ståande-skyteserien mest skjebnesvanger. Stryningen fortel at han blei for «trigger-happy» då han bomma ein gang på siste ståande.
– Eg prøver å vere offensiv og vere hard på avtrekkaren. Av og til blir eg litt for hissig og då går skotet litt for tidleg. Då ryk medaljen der, seier Thingnes Bø.
– Du traff kanten då du bomma...
– Skotet gjekk av før eg sikta. Det var veldig, veldig kjipt fordi eg i utgangspunktet hadde stålkontroll på situasjonen, seier stryningen.