Norge brukte totalt tolv ekstraskot.
Tyskland vann stafetten framfor eit ellevilt heimepublikum. Frankrike kunne juble for sølv.
– Det er rein vilje og styrke som gjør at eg klarte dette i dag. Eg hadde veldig lyst til å prestere noko med lagvenninnene, seier Berger etter målpassering.
Fekk kjenne presset
Berger gjekk ut på fjerdeetappe som nummer fem, og var eitt minutt og tre sekund bak leiande Tyskland.
Med det starta gulljentas jakt på medalje, noko ho fekk kjenne på kroppen.
– Eg var uroleg då eg gjekk ut. Det var vanskelege forhold. Eg mista til og med eit ekstraskot på liggande skyting, men det gjekk bra.
Den påfølgande sisteskytinga i ståande gjekk også bra, og plutseleg var bronsemedaljen innan rekkevidde.
Den kampen måtte ho ta med lynraske Daria Domratsjeva frå Kviterussland.
– Eg tenkte at om eg klarte å halde ryggen til Domratsjeva i oppoverbakkane, skulle eg ta ho i nedoverbakken før mål, gliser Berger.
Artikkelen held fram.
Ringen: – Heilt «shaky» no
Og då den kviterussiske skiskyttarprofilen med spisskompetanse i langrennsporet var rista av, kunne lagvenninnene endeleg puste letta ut.
– Eg er heilt «shaky» no! Eg veit ikkje kva eg skal seie. Tora var heilt rå på slutten, seier lagvenninne Elise Ringen.
– Det var nervepirrande. Det hadde vore mykje betre å gå i sporet sjølv på det tidspunktet, seier Synnøve Solemdal.
– Når skjønte du at bronsen var sikra?
– Ikkje før Elise skreik då ho såg Tora komme inn på oppløpet. Domratsjeva er jo ein bra langrennsløpar, men Tora er jo rå på sisterunden, seier Solemdal.
Gjekk frå tolvte til tredje
Til stor heimejubel plaffa Andrea Henkel ned fem blinkar på liggande skyting på siste etappe.
Berger gjorde ein bom, men taff på første ekstraskot. På siste standplass var Henkel stødig igjen og skaut Tyskland til VM-gull med fullt hus.
Også Berger feia ned alle blinkane.
Fanny Welle-Strand Horn måtte ty til ekstraskot på både liggande og ståande skyting på førsteetappen, men unngjekk tidlege norske strafferundar.
Ved første veksling var Norge nummer tolv, litt over minuttet bak Tyskland.
Artikkelen held fram.
Neuner måtte ut i strafferunde
Skiskyttarstjerna Magdalena Neuner skaut tyskarane til ei strafferunde etter tre bom på ståande.
Ho heldt likevel stand i toppen ved å vere kjapp i sporet.
Også Elise Ringen heldt Norge unna strafferundar og sende Synnøve Solemadal ut som nummer fem. Solemdal bomma på sine tre første skot på ståande skyting, men henta seg flott inn og traff på dei fem neste.