For Berger i storleiing skapte spenning på dagens siste skyting. Jenta frå Lesja måtte hente fram to ekstraskot etter like mange bom, og hadde straks Frankrike i ryggen.
Men Berger rista av seg Frankrike, og kunne juble ekstatisk for stafettsiger ved målpassering.
– Eg har vore på «grinaren» tre gonger i karrieren. Då eg tok OL-gull, då OL-vinnar Linda Grubben la opp og i dag. Dette er noko av det største eg har vore med på!, seier ei rørt Berger etter jubeldagen.
Gravide Flatland gråt fra sidelinja
Gråte gjorde også Ann Kristin Aafeldt Flatland. Hun har vært en del av det norske stafettlaget gjennom nedturene de siste årene, men står over denne sesongen fordi hun er gravid.
Flatland fulgte stafetten fra tribunen, og da de norske jentene endelig fikk sin stafettseier, greide hun ikke holde tårene tilbake.
– Jeg har ikke så mange ord akkurat nå. Dette var helt rått, sier Flatland til NRK.
– Vi er et vanvittig bra sammensveiset lag, hjelper hverandre på trening og jobber godt sammen. Og nå endelig lykkes vi på stafetten, fortsetter hun.
Solemdal henta teten med praktskyting
Det var dagens store helt, Synnøve Solemdal, som sørga for at jentene kunne kopiere skiskyttargutane sin bragd med siger på stafetten i Hochfilzen.
Solemdal henta inn sekund på sekund på leiande Frankrike i sporet på tredje etappe. På siste skyting stod det plutseleg om ein uventa siger på kvinnestafetten.
Der var ho iskald, og skaut fullt hus til ellevillt jubelbrus frå publikum og dei norske kommentatorane.
– Dette er meisterskyting utan sidestykke!, braut NRK-kommentator Andreas Stabrun Smith i kor med Jon Herwig Carlsen.
- SJÅ DEN UTRULEGE SKYTESERIEN HER:
– Stengte ute alt på standplass
Og med superski ga ho ankerkvinne Tora Berger det beste utgangspunktet framfor den spennande sisteetappen. Heile 16 sekund måtte Frankrike inn på overraskingslaget Norge.
– Utruleg herleg! Eg konsentrerte meg bare om meg sjølv, og stengte ute alt anna på standplass, seier Solemdal like etter meisteroppvisninga.
Berger tok heldigvis vare på forspranget, og tok heim årets første stafettsiger i skiskyting.
Hårfin balanse mellom suksess og fiasko
Men det kunne raskt sett annleis ut for dei norske jentene.
Som med gutane hang også dei bakpå etter første etappe i Hochfilzen.
Fanny Welle-Strand Horn leverte ikkje perfekt på sine to skytingar. Med to ekstraskot sende ho ein stor utfordring vidare til kometen Elise Ringen som måtte ta igjen heile 47 sekund på Frankrike i leiinga.
– Eg er ikkje heilt i form, og er ikkje fornøgd. Men gliden var god, så det gjekk jo raskt i løypa, seier Horn til NRK.no.
Supertalentet Ringen tok oppgåva på strak arm, og henta inn heile 20 sekund på teten trass eitt ekstraskot på si første skyting.
Poirée: – Dei har jobba hardt for dette
På siste ståande blei det med eitt spenning då Ringen måtte bruke heile tre ekstraskot, men fredagssprintens overraskingskvinne gjekk som eit fantom i sporet og veksla med Synnøve Solemdal 26 sekund bak Ukraina, som då hadde kjempa seg opp i tet.
– Her var det veldig artig å gå. Eg hadde ein super dag i sporet!, seier Ringen.
– Du skapte litt spenning på siste skyting. Korleis var det?
– Eg blei litt stressa, men klarte akkurat å få dei ned, seier ho med eit smil.
To etappar seinare kunne Ringen juble samstundes med eks-skiskyttarprofil Liv Grete Skjelbreid-Poirée.
– Dette har dei fortent fordi dei har jobba så hardt, oppsummerer Skjelbreid-Poirée frå studio i NRK.
- LES OGSÅ: