- Sjå kveldens kvalifisering frå klokka 19:35 på NRK 2 og NRK.no!
– Eg har sove som ein stein og tenkt meir på damer enn skihopping.
Phillip Sjøen mistar ikkje nattesøvnen før han skal hoppe i verdas største hoppbakke for fyrste gong. 19-åringen har sjølvtilliten på plass før kveldens kvalifisering i Vikersund.
Skal passe perfekt
– Hoppinga mi skal passe bakken perfekt har eg blitt fortalt, så eg er veldig spent.
– Går du for verdsrekord?
– Det er jo draumen til alle som stiller til start. Kanskje er det ikkje mogleg i kveld, men viss me får litt sol inn i bakken og fine forhold som det er meldt, kan det vere mogleg, meiner Sjøen.
Romkamerat og fersk juniorverdsmeister, Johann André Forfang, kan røpe at Sjøen er litt meir nervøs enn det han kanskje gjev uttrykk for.
Meir nervøs enn han seier
– Philip har vore litt smånervøs for korleis det kjennast ut å hoppe i ein så stor bakke. Eg har betrygga han litt med at det ikkje er så så annleis som folk vil ha det til. Det er litt lengre unnarenn og litt større fart, seier Forfang som debuterte som skiflygar i Kulm tidlegare denne sesongen.
Då var han alt anna enn roleg.
– Då kjente eg ordentleg på redselen og ikkje på nervøsitet. Eg var skikkeleg redd og sat og skalv på toppen. Men no gler eg meg som ein unge til å hoppe i Vikersund, fortel Forfang som fekk fem hopp under verdscuphelga i austerrikske Kulm i januar.
Saman med Sjøen blei tromsøværingen klar for VM-laget til Falun tidlegare denne veka. No har han mål om nye personlege rekordar i helgas to verdscuprenn.
– Eg håpar å hoppe godt over 200 meter, slår Forfang fast.