Grytidleg søndag, norsk tid, møtest dei til gruppekamp i cricket-VM i Australia. Kampen går i Adelaide, og kampstart er 04.30, norsk tid.
Sjå kampen her på NRK.no søndag 15. februar kl 04.30
Vi sender også finalen frå Melbourne søndag 29. mars.
Dette er VM i såkalla ODI – One Day International. Det betyr at laga spelar til 50 overs, i motsetnad til den kortare varianten kalla Twenty20, som går til 20 overs.
Lær deg ord og uttrykk i cricket-terminologien
:VM blir arrangert kvart fjerde år.
Cricket er store idrettar i begge dei to nasjonane, og kampane dei imellom er rekna for nokre av dei mest intense sport-rivaliseringane i verda.
Største tv-evenementet i verda sist dei møttest
India og Pakistan er rivalar på mange område. Semifinalen mellom dei to i VM i 2011 samla 150 millionar tv-sjåarar,
, ifølgje .India og Pakistan er rivalar på mange område Det er
som oppstod då Pakistan vart skilt ut frå India i 1947.Dei første test-matchane vart spela i 1952 i India og 1954-55 i Pakistan. Men stadig politisk uro og militære trefningar har ofte gjort at det har gått mange år mellom kvar kamp.
I førre VM, i 2011, skulle Pakistan arrangert VM saman med India, Sri Lanka og Bangladesh. Men etter at Sri Lankas landslag vart angripe med våpen under ei turnering i Pakistan i 2009, vart Pakistan fråteke arrangementet.
Rivaliseringa inneber også eit enormt press på laga for å vinne nettopp denne kampen.
Innbyrdes har Pakistan vunne 12 test-kampar, India 9.
. Men India har to VM-titlar, Pakistan ein.Spelast på «heilag grunn»
Bana Adelaide Oval har plass til 53.583 tilskodarar, og er å rekne nærmast som heilag grunn for cricketfolket. Den var bygd allereie i 1871 og har ei lang og ærerik historie. Arenaen er plassert heilt nede ved dei lange kvite sandstrendene like utanfor byen.
India og Pakistan er begge trygt inne blant dei 10 landa som er fullverdige medlemer i ICC (det internasjonale cricketforbundet). India vann i 2011 og 1983, og nådde også finalen i 2003. Pakistan vant i 1992, sist Australia og New Zealand arrangerte VM. Pakistan nådde også finalen i 1999.
I førre VM møttest India og Pakistan i semifinalen. Der vann India med 29 runs. India vann seinare finalen mot Sri Lanka med 6 wickets.