Telegrambyrået AFP melder at Schumacher no innlagd på sjukehus i Lausanne for vidare behandling.
Ifølgje den tyske avisa Bild kommuniserer han med kona Corinne og deira barn.
– Å, dette var kjempegodt å høyre, seier ein glad Petter Solberg til NRK.no.
Rallycrossføraren hadde ikkje høyrt om endringa i Schumachers tilstand då NRK.no kontakta han.
«Alle mine tanker er hos Michael Schumacher i kveld. Jeg ber for én siste seier for deg min venn», skreiv Solberg på si Facebook-side då nyheita om skiulykka vart kjent i desember.
Redd for kameraten
Ulykka til Michael Schumacher har gjort sterkt inntrykk på Petter Solberg. Han har vore svært redd for kameraten som han kjenner etter mange år i bilsporten.
– No har han kome over ein kneik, så no kjem han nok over ein kneik til, seier han forhåpningsfullt.
Schumacher har lege i koma på sjukehuset etter ei skiulykke i romjula. Legane valde å holde han i kunstig koma for å redusere oppsvellinga av hjernen.
– Schumacher har reist frå Grenoble-sjukehuset for å begynne ein lang rehabiliteringsprosess, heiter det i fråsegna frå sjukehuset.
Den seier ikkje noko om korleis tilstanden for Schumacher er.
Trur mange hadde gitt opp håpet
– Dette var veldig gledeleg, seier Lars Bohinen, som kjenner Schumacher godt.
– Vi hadde ein god del kontakt i åra frå 1999 til 2008-09, seier han. – Det var sikkert mange som hadde gitt opp håpet no, påpeikar han.
– Schumacher er ein legende i sitt miljø, og det er ei veldig gledelig overrasking at han er på betringas veg. Det hadde vore for dumt at dette skulle være slutten.
Schumachers oppvakning frå koma og overførsel til eit anna sjukehus gjekk ikkje hus forbi i fotball-VM heller. Tysklands angrepsspelar Lukas Podolski kjenner Shcumacher personleg. – Eg vil helse til ein god ven, som dessverre ikkje kan vere her. Det er Michael Schumacher, som er like fotballgalen som nokon av oss. Om vi vinn tittelen, vil det gjere han veldig glad, sa Podolsky.
Tyskland møter Portugal i sin første VM-kamp i kveld.
Hytte i Trysil
Michael Schumacher kjøpte hytte i Trysil midt på 90-talet, og budde der opptil tre månader i året. I den perioden deltok han også på fotballtreningane med Nybergsund IL.
– Her i einsemda hentar eg krefter til sigrane mine, sa han til Motorsport Magazin.
Det var 29. desember
i dei franske Alpane. Han slo hovudet mot stein, og var i koma då han vart frakta til sjukehus. Skadene var livstruende, og Schumacher svevde lenge mellom, liv og død.Seinere har han vore halden i koma, og det har
. Men i slutten av januar sette legane i gang ein svært sakte oppvakningsprosess.Familien takkar
–
alle legane, sjukepleiarane og terapeutene for jobben dei gjorde i den første tida etter ulukka, og også dei som gav han førstehjelp på ulukkesstaden, seier talskvinna.Ho legg til at rehabiliteringa vil gå «utanfor det offentlige rom», det vil seie at ingen kjem til å gi detaljer om korleis det går med den tidlegare verdsmeisteren, eller kvar han oppheld seg.
Michael Schumacher vart verdsmeister i formel 1 sju gonger mellom 1994 og 2004. Han la opp i 2006, men kom tilbake i 2010 og køyrde tre sesonger til. Totalt vann han 91 formel 1-løp i karrieren.