– Eg vert overraska om vi ser han tilbake i verdstoppen igjen. Det er fleire døme på hopparar som ikkje har klart å komme tilbake i toppen etter ein slik skade, og når han i tillegg slit med motivasjonen vert vegen lang, seier Remen Evensen.
Førre veke var Schlierenzauer på heliski i Canada, og det var etter eit fall der at han skada seg. MR-undersøkingar viste at korsbandet i høgre kne har roke, og no må han under kniven, melder Kronen Zeitung.
- Les også:
Forferdeleg sesong
Gregor Schlierenzauer har vunne fleire sigrar enn nokon andre i verdscupen med sine 53, men denne sesongen har vore eit mareritt for 26-åringen.
Han har ingen pallplassar, og det toppa seg under hoppveka. Då klarte han ikkje å kvalifisera seg til andre omgang i rennet på heimebane i Innsbruck.
Etter å ha blitt vraka frå laget til avslutningsrennet i hoppveka, valde Schlierenzauer å ta ein pause ut sesongen.
– Denne skaden kan sjølvsagt bety slutten for han. Eg har fått høyre at han slit litt med motivasjonen, og då er ein skade som denne ikkje bra, seier NRKs hoppekspert, Johan Remen Evensen.
– Ekstremt kjedeleg trening
Kenneth Gangnes er kanskje den hopparen i Norge som veit mest om kva Schlierenzauer må gjennom. Han har hatt same skade to gonger, og mange trudde hoppkarrieren til Gangnes var over.
– Eg unner han ikkje den jobben han må gjennom. Opptreninga etter ein sånn skade er ekstremt kjedeleg og det tar lang tid, seier Gangnes.
Han seier at det normalt tar seks månader frå operasjon til ein kan komme seg tilbake i hoppbakken.
– Eg håpar og trur han kjem tilbake. Hoppsporten treng ein profil som han, men det kan ta eitt år før han er tilbake i godt gammalt slag, seier Gangnes.
Det er under eitt år til neste års VM i Lahti, men Gangnes trur austerrikaren kan nå det.
– Det vil bli tøft for han å nå det, men det er ikkje umogleg, seier han.