– Fränk har reist heim for å førebu forsvaret sitt, sa Radioshacks Alain Gallopin, som var mannen alle ville snakke med etter den 16. etappen av Tour de France.
Tysdag kveld blei det nemleg kjend at syklist Schleck har testa positivt på stoffet Xipamide, eit vassdrivande stoff, som også kan brukast til å maskere bruken av andre stoff.
Nyheiten er nok eit sjokk for sykkelsporten.
– Alle er overraska over dette, seier ven og lagkamerat Jens Voigt, som var saman med Schleck då meldinga kom tysdag.
Like paff verkar hovudpersonen sjølv, som nektar for at han har tatt i seg stoffet med vilje.
– Viss B-prøven er positiv, , sa Schleck til RTL Luxembourg etter avsløringa.
VIDEO: Stort kaos etter Schlecks positive dopingprøve
Stort kaos etter dopingskandalen til Frank Schleck
Radioshack-sportssjef Alain Gallopin.
Foto: STEPHANE MAHE / Reuters– Mikrodoser
Dagen etter avsløringa rynkar også hans næraste i laget Radioshack på nasa, og samanliknar det heile med ein av sykkelsportens mest kontroversielle dopingsaker.
– Dette er som i Alberto Contadors tilfelle. Det er snakk om mikrodoser, forklarar sportssjef Gallopin.
Contador avla positiv dopingprøve under Tour de France i 2010. Urinprøven viste særs låge verdiar av det forbudte stoffet Clenbuterol.
Spanjolen har heile tida hevda at han er uskuldig. Like i etterkant av den positive prøven meinte syklisten at han hadde fått i seg det ulovlege stoffe då han åt biff.
Contador blei utestengd i to år med tilbakeverkande kraft, og mista dermed titlane sine frå Tour de France i 2010 og Giro d'Italia i 2011.
– Ikkje mogleg å få i seg stoffet gjennom mat og drikke
Norske dopingekspertar utelukkar imidertid at Schleck kan ha fått i seg stoffet gjennom mat eller drikke.
– Eg kjenner ikkje til at det skal vere mogleg, seier Peter Hammersbach, leiar hos Norges laboratorium for dopinganalyse.
Schleck krev no at det blir tatt ei B-prøve. Om denne også viser seg å vere positiv, kan sykkelsporten stå overfor ein ny lang og omfattande dopingsak.
– Fränk Schleck er ein av dei mest dominerende syklistene i verda. Om han blir dømt for doping er det ein ny, stor nedtur for sporten, sa NRKs sykkelkommentator Jann Post tysdag.
