– Nei. Vi er nøgde. Uavgjort her er bra, og spesielt timen midt i kampen spela vi også godt. Men vi mista initiativet på slutten, oppsummerer RBK-trenar Kåre Ingebrigtsen til C More.
Heimelaget var det kvassaste og skapte dei aller største sjansane. Men brende dei fleste.
Dermed sende Haugesund for tredje kamp på rad eit topplag heim utan siger.
– Redningar i verdsklasse
Haugesund var beste laget i første omgang, og hadde sjansar nok til å leie med eit par mål. Men det vart med Ibrahim Shuaibu scoring etter eit kvarter.
Haugesunds trenar Mark Dempsey hadde blanda kjensler.
– Vi møter det fysiske klart sterkaste laget i eliteserien, og vi skaper store sjansar. Men keeperen deira hadde to-tre redningar i verdsklasse, seier han.
– Derfor er spelarane misnøgde i kveld. Og det er eit godt teikn, seier Dempsey.
Etter pause dominerte Rosenborg stadig meir ute på bana, men det var likevel Haugesund som framleis produserte sjansar. Ibrahim hadde to store, og berre målvakt Andre Hansen heldt Rosenborg inne i kampen.
Møter erkerivalen neste helg
– Vi klarer til dels å stå imot i første omgang, men vi hadde bra tak på det etter pause. Men vi slit med å skape sjansar, sa Hansen til C More.
At Rosenborg ikkje skapte allverden ut av speleovertaket, uroar ikkje Ingebrigtsen.
– Det er ikkje vi som skal kome hit og underhalde Haugesund-publkum, det får dei ordne med sjølv, seier Rosenborg-trenaren.
Haugesund er dermed framleis på femteplass på tabellen, og er utan tap heime etter å ha møtt dei tre topplaga Molde, Odd og Rosenborg i dei tre siste heimekampane.
Rosenborg har fem poengs leiing, og dagens poeng kan kome god med. For neste kamp er toppkampen mot erkerival Molde på Lerkendal.
Artikkelen blir oppdatert!