Troppen tel 20 menn og 20 kvinner.
– Alle som har klart kravet, skal få lov å delta. Det er slik vi gjer det i norsk friidrett, og no var det så mange som var kvalifisert, seier friidrettspresident Svein Arne Hansen til NRK.
– Kvifor er troppen så stor?
– Vi har mange gode unge utøvarar no. Det blir jobba godt i mange klubbar rundt omkirng. Vi hadde rekordstor tropp også i junior-VM i USA for ti dagar sidan, der stilte vi med 25 deltakarar. Det går bra, og det er veldig hyggeleg, seier Hansen.
Mange av dei ynge er med først og fremst for å få tøff internasjonal erfariing, understrekar friidrettspresidenten.
I EM på Bislett i 1946 var 38 nordmenn med, og det har vore rekord fram til no.
– Troppen vart nok litt større enn venta, men det er ikkje overraskande,seier sportssjef Ronny Nilsen.
I EM i Barcelona for fire år sidan stilte Noreg med 37 deltakarar, men då var det ikkje så strenge uttakskrav. – Med krava frå 2010 kunne vi sendt nesten 50 utøvarar i år, seier Nilsen.
– 1 til 2 medaljer
Han trur på 1–2 medaljar og minst ti topp 12-plasseringar.
– Henrik Ingebrigtsen trer fram som ein naturleg forgrunnsfigur, men vi har også fleire utfordrarar til dei gjevaste plasseringane. Blant desse finn vi Jaysuma Saidy Ndure, Ezinne Okparaebo, Ingvill Måkestad Bovim med fleire.
– Tidlegare meisterskap har også har også vist at det kjem opp nye utøvarar som ein frå før av ikkje har høyrt å mykje om, og det håper vi også vil skje denne gongen, seier Nilsen.
EM går frå 12. til 17. august.
Dette er den norske troppen:
Menn (20):
100 m: Jaysuma Saidy Ndure; IL i BUL
200 m: Jaysuma Saidy Ndure; IL i BUL
400 m: Karsten Warholm; Dimna IL
800 m: Thomas Roth; Ullensaker/Kisa IL; Andreas Roth Ullensaker/Kisa IL; Roald Frøskeland, Steinkjer FK
1500 m: Henrik Ingebrigtsen, Sandnes IL; Filip Ingebrigtsen, Sandnes IL
5000 m: Sindre Buraas, SK Vidar
10 000 m: Sondre Nordstad Moen, SK Vidar; Marius Vedvik, IL Gular
3000 m hinder: Tom Erling Kårbø, Stord IL
110 m hekk: Vladimir Vukicevic, SK Vidar
400 m hekk: Øyvind Kjerpeset, Florø T&IF
Maraton: Urige Buta, Haugesund IL; Øystein Sylta ,SK Vidar; Håkon Brox, IK Tjalve
20 km kappgang: Erik Tysse, IL Norna-Salhus; Håvard Haukenes, T&IF Viking
50 km kappgang: Erik Tysse, IL Norna-Salhus
Mangekamp: Lars Vikan Rise, Sandnes IL
Slegge: Eivind Henriksen, IK Tjalve
Kvinner (20):
100 m: Ezinne Okparaebo, IL i BUL
200 m: Elisabeth Slettum, Skjalg IL
400 m: Line Kloster, SK Vidar
800 m: Ingvill Måkestad Bovim, Bækkelagets SK; Hedda Hynne, Strindheim IL; Trine Mjåland, Kristiansands IF
1500 m: Ingvill Måkestad Bovim, Bækkelagets SK
5000 m: Karoline Bjerkeli Grøvdal, SK Vidar
10.000 m: Runa Skrove Falch, Steinkjer FK
3000 m hinder: Ingeborg Løvnes, SK Vidar
100 m hekk: Isabelle Pedersen, IL i BUL
400 m hekk: Vilde Svortevik, IL Gular
Høyde: Tonje Angelsen, Trondheim Friidrett
Stav: Katrine Haarklau, IL Gular
Spyd Marie-Therese Obst, IK Tjalve
Diskos: Grete Etholm, IK Tjalve
Mangekamp: Ida Marcussen, IL Våg
4 x100 m stafett: Ezinne Okparaebo, IL i BUL; Elisabeth Slettum, IL Gular; Isabelle Pedersen, IL i BUL; Christine Bjelland Jensen, IL Gular; Tara Marie Norum, Steinkjer FK; Helene Rønningen ,IL Tyrving
4 x 400 m stafett: Line Kloster, SK Vidar; Tara Marie Norum, Steinkjer FK
Trine Mjåland, Kristiansands IF; Benedicte Hauge, Kristiansands IF; Vilde Svortevik, IL Gular; Hedda Hynne, Strindheim IL