– Eg har lest vegkart gjennom heile livet. Det er det som har vore greia i rally, for eksempel Eg er interessert i å sjå på enkelte strekningar i Norge som har vore utsett for ulukker. For å teste om eg klarer å sjå med mine auger kvifor det skjer ulukker akkurat der, seier Petter Solberg.
VM-vinnaren i rally frå 2003 var onsdag i møte med samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen, som fekk innspel frå 41-åringen frå Spydeberg.
– Han er veldig tydeleg på at han ikkje synst at vegane er gode nok. Det synst ikkje eg heller, seier Solvik-Olsen.
– Vil du lytte til råda frå Petter?
– Det gjør eg. Folk som har mykje erfaring og kompetanse skal vi alltid lytte til. Dei har mykje å bidra med. Petter kan bidra ved å forstå godt kurvatur, vegutforming og den typen ting, seier samferdsleministeren.
I tillegg, og kanskje mest av alt, er Solvik-Olsen opptatt av at Solberg bidrar som eit ansikt utad til bilistar over heile landet.
– Å hjelpe folk med å ha gode haldningar og forstå at dei skal vise ansvar. Der trur eg Petter når ut til langt fleire av dei som er i faresona enn det eg gjør, seier Solvik-Olsen.