Hopp til innhold

Portugisiske klassemål senka Noreg

Joshua King og dei norske debutantane yppa seg mot Portugal, men da dei portugisiske stjernene prikka inn to fantastiske langskot hjelpte det lite at Noreg hang godt med.

Veton Berisha

DEBUTERTE: Veton Berisha stod for kveldens største sjanse da han heada rett over mål.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Me er sjølvsagt skuffa over resultatet. Men me kom godt inn i kampen og skapte gode sjansar. I starten av andre omgang styrer me kampen, seier landslagstrenar Per-Mathias Høgmo etter kampen.

Den same oppfatninga hadde NRKs-fotballekspertar. Dette var ein kveld der Noreg var på høgde med Portugal i periodar, men så viste dei EM-klare portugisarane ei heilt anna klasse framfor mål.

Ikkje gode nok framfor måla

– Me hadde ein god start på andre omgangen, men det var ekstremt passivt mot slutten, seier NRKs fotballekspert Lise Klaveness etter kampen.

Radio-ekspert Karl Petter Løken er einig.

– Dette var nok eit bevis på at me ikkje er gode nok der kampen blir avgjort framfor dei to måla. Det er ein heilt ok treningskamp i periodar, men når resultatet til slutt blir 3–0 er det utklassing og ikkje godt nok, meiner Løken.

For Noreg var lenge på høgde med Portugal i den andre omgangen, men avslutninga var langt svakare.

– Spelet kom seg veldig i andre omgang, men etter 2–0 målet var det eigentleg køyrt. Det frisparket meiner eg uansett aldri skulle blitt noko av, det var klart filming. Men målet er det jo ikkje noko å seie på, det var klasse, seier Løken.

Per-Mathias Høgmo var heller ikkje berre fornøgd.

– Etter to målet døydde kampen litt for vår del.

– King var ein konstant trussel

Spikaren i kista kom etter 71 minutt etter kontring frå Portugal. Cedric fann til slutt Eder framfor mål som altfor lett får avslutte i mål. Det same skjedde i fyrste omgang da Ricardo Quaresma like enkelt fekk sende i veg eit kremmarhus etter 13 minutt.

Men det var også ein del positivt å spore hos Høgmos utvalde. Etter 57 minutt viste kveldens to debutantar seg skikkeleg fram. Venstreback Anders Trondsen fann Veton Berisha med eit strålande innlegg og Tyskland-proffen heada ballen like over tverrliggaren.

King mot Portugal

GOD: Joshua King viste i kveld kvifor han har hatt ein god vår i Premier League.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Joshua King kom også til ein god sjanse i fyrste omgang da han kombinerte fint med Markus Henriksen. Han tok med seg ballen til sida med keeper i hælane, venda opp og prøvde å lobbe ballen i mål. Ballen hamna til slutt i nettaket.

– King var bra og ein konstant trussel for Portugal. Henriksen spelte også ein bra kamp, og eg synest Veton Berisha klarte seg bra i debuten, meiner Løken.

Høgmo er også godt fornøgd med det han såg av King.

– Me er i ferd med å få ein spiss på eit veldig høgt internasjonalt nivå nå. King skapar to store sjansar i kveld, seier Høgmo.

Initiativet var på Noregs side etter Berishas store sjanse, men så var det desse portugisiske skotføtene. Sjølv om Cristiano Ronaldo var oppteken med restitusjon etter gårsdagens finalesiger har Portugal gode alternativ på frispark.

Raphael Guerreiro gjev publikum kveldens høgdepunkt i Braga da han lima frisparket i krysset. Rune Jarstein hadde ingen sjanse på skotet og til slutt blir det 3–0 siger og utklassing frå Portugal.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal