Pedersen fekk pokalen for sin siger på 100 m hekk fredag på den sterke tida 12,88 – berre 14 hundredeler bak den norske rekorden, og utan å bli pressa av nokon av konkurrentane.
– No eg er letta. Dette har eg drøymt om i mange år, sa ho jublande til NTB.
– Dette er beviset for at eg er NM-dronninga, og betre motivasjon framfor VM kunne eg ikkje ha fått, sa ho, og la til at kongepokalen har vore målet sidan ho slo gjennom i 2009.
Det valet var det ikkje alle som var samde i. Ezinne Okparaebo sprang 100 m på 11,19 i semifinalen. – Det er betre enn Isabelles hekkeløp, sa Okparaebo til Aftenposten laurdag kveld.
Etter utdelinga var ho ikkje nøgd, og la ut denne meldinga på twitter:
Trudde ikkje han var kandidat
Warholm tok to gull og to sølv under meisterskapet. Han fekk ikkje pokalen for noko av enkeltresultata, men for sin allsidige innsats. Det har aldri før skjedd i friidretten.
Han tok gull på 400 meter både med og utan hekk, og sølv i lengde og 110 meter hekk.
Det skjedde fredag og laurdag. Deretter reiste han til Polen på ferietur, og var dermed ikkje til stades for å ta imot pokalen av kulturminister Thorild Widvey. Det hadde han ikkje gjort dersom han visste at han var aktuell for pokalen.
– Skal eg vere aktuell for kongepokal, må eg konsentrere meg om berre ei eller to øvingar, sa han til NTB før han reiste frå NM-byen laurdag kveld.
Han skulle berre visst...