– Klart det var vondt. Men eg er tøff, så dette skal nok gå bra, seier Solberg til NRK.
– Det kjem aldri til å hindre meg, om eg så hadde knekt begge beina, seier den tidlegare rally-verdsmeisteren og regjerande rallycross-verdsmeisteren.
Uhellet skjedde i den fjerde kvalifiseringsrunden i Hockenheim laurdag. Då fekk Solbergs tommel ein real trøkk.
– Motoren min rauk, og Sebastien Loeb køyrde inn i sida mi. Då fekk eg ein kjempetrøkk i tommelen, som sprakk. Men det fekk vi teipa, og då gjekk det fint, seier han.
Hjelp til å få på buksa
Men den sprukne tommelen skaper problem likevel. Han må ha hjelp til mange enkle ting som ikkje har med bilkøyring å gjere.
– Ein av mekanikarane må hjelpe meg med å få på meg buksa. Eg spurde han faktisk også då eg var på toalettet om han kunne kome og hjelpe meg. Men det gjekk ikkje, ler Petter Solberg.
Til helga er det ny VM-runde i rallycross, i Belgia. Der skal han ikkje trenge hjelp til å køyre fort.
– Eg er kanskje litt redusert, men det er alltid noko. Det er berre å gjere det beste ut av det. Det skal ikkje hindre meg i å køyre fort – eg har jo den andre handa.