– Det var kjempegøy. Dei seier at eg var ein av dei raskaste og det er gøy og høyre, seier 14-åringen Oliver Solberg til NRK.
Måndag fekk han køyre 40 rundar i den sama rallycross-løypa, som pappa Petter vann årets første rallycrossrunde i søndag.
Bilen han fekk køyre var ein Super 1600 Renault Twingo, etter at han vart invitert ned til å køyre av rallycrosslaget Set Promotions. Det er tredje gong han får køyre ein super 1600 bil.
14-åringen har planar om å bli rallycross-køyrar når han vert eldre.
– Han seier han skal slutte då
Far Petter Solberg har vunne VM samanlagt i rallycross dei siste to åra, og jaktar sin tredje. Om nokre år kan han risikera at sonen vert ein arg konkurrent.
– Han seier at når eg byrjer å konkurrera i same klasse som han, så skal han slutte, men eg veit ikkje eg, seier ungguten.
– Eg tør ikkje køyre mot han. Han vil det, men vi får sjå, seier Petter Solberg med eit smil.
Tåa på gassen
Å køyre ein rallybil i ein alder av 14 år har sine utfordringar. Oliver er litt for kort, og må derfor trykka ned gassen med tåa. Tidlegare har han for det meste køyrd crosskart, der han vart nordisk meister i 2014.
– Eg har tenkt å byrje med rallycross i år, det er planen, seier 14-åringen.
For å køyre i rallycross European Challenge 1600-klassen er aldersgrensa 16 år, men i land som Portugal og Latvia er det mogeleg å søkja om dispensasjon.
– Dei skal ha møter om det, seier pappa Solberg om aldersgrensa.
I tillegg til å få dispensasjon for alderen, må han få på plass om lag 150.000 kroner for kvar runde.