Hopp til innhold

Pappa Kristoffersen: – Henrik er tilbake der han var i fjor

BEAVER CREEK (NRK): Dei to siste vekene har både Henrik Kristoffersens far og lagkameratane sett ei forvandling hos 20-åringen.

Henrik Kristoffersen Foss Solevåg Schladming

Henrik Kristoffersen har vært mye frustrert denne sesongen, som her i Schladming hvor han står sammen med lagkamerat Sebastian Foss Solevåg.

Foto: Heiko Junge / NTB Scanpix

– Energien er heilt klart på plass igjen. Eg var med på trening i Aspen før vi kom til Beaver Creek. Der leverte han gnistrande bra køyring. Han har det same energinivået som i fjor, seier pappa Kristoffersen.

Det lovar godt før VM-slalåmen i Beaver Creek, 358 dagar etter at han tok OL-bronse i Stosji.

Etter slalåmen i Schladming, det siste rennet før VM, meinte pappa Lars at sonen hadde for lite energi.

Lars Kristoffersen

OPTIMIST: Pappa Lars Kristoffersen.

Foto: NRK

I tøff kamp med stadig fleire formkøyrarar hadde 20-åringen hamna på ein sterk 7.-plass i bakken der han tok sin første verdscuptriumf, men situasjonen var ny og uvand, fortel pappa Lars.

– Kva som har tappa energien veit eg ikkje. Det får vi heller aldri svar på. Det er bare sånne ting vi må lære av langs vegen.

Lagkamerat Sebastian Foss Solevaag trur han sit med ein del av forklaringa.

– Med fire-fem renn på programmet blir januar ein røff månad for oss.

– Den månaden kan bli tung om du får ein dårleg start. Du rekk ikkje å hente deg inn igjen fordi det er så lite tid mellom kvart renn, seier Foss Solevaag.

Trenaren set opp løypa: – Betryggande

Sebastian Foss Solevåg

OPTIMIST: Saman med lagkamerat Sebastian Foss Solevåg (bildet) har Henrik Kristoffersen trena på vanskelege, isete forhold før VM i Beaver Creek.

Foto: Hans Henrik Løken / NRK

Men etter to vekers viktig VM-oppkøyring med far i Norge og USA oser Henrik Kristoffersen av energi.

Det er tydeleg at pausen har gjort underverker.

– Det kan aldri bli optimalt, men det har vore nære, seier Henrik Kristoffersen om treningsforholda han har hatt i Aspen den siste veka.

– Vi har fokusert på at han må våge meir i løypa. Om ein køyrar blir for tent og for villig kan det bli for mykje svinging, seier Lars Kristoffersen.

Med startnummer 3 kastar han seg ut i ei beinhard løype sett av trenar Christian Mitter.

Mitter sette også løypa då Kristoffersen vann og tok knekken på legendariske Marcel Hirscher, som leia etter første omgang.

Det var under sesongens første verdscuprenn i Levi. Mitter sette løypa i andre omgang.

Under VM har Mitter ansvaret for å sette løypa til rennstart.

– Då blir den ikkje enkel. Det passar jo både Henrik Kristoffersen og Sebastian Foss Solevåg. Dei er vand med å køyre løypene hans, seier Lars Kristoffersen.

– Det er veldig betryggande. Vi veit kva vi kjem til, seier Foss Solevåg.

Har fått spesialtrening

Kristoffersens lagkameratar trur det norske medaljehåpet har ein fordel akkurat her.

– Vi har trena på avstand mellom portar og spesielle kombinasjonar. Dei andre må bruke meir tid, tankar og energi på å finne ut av den same løypa.

– Løypa var isete, men det er veldig bra. Vi har trena på slike forhold i Aspen, seier Jonathan Nordbotten.

Men at løypa er sett av trenaren betyr ikkje automatisk suksess. I går køyrte Nina Løseth ned til 13.-plass i første omgang av kvinnenes VM-slalåm - i ei løype sett av trenar Tim Gfeller.

I tillegg må løypeprofilen passe godt for Kristoffersen.

Henrik Kristoffersen

I dag tar Henrik Kristoffersen skiheisen i Beaver Creek for siste gang på ei stund.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Ein ting er likevel ganske sikkert, fortel Nordbotten:

– Det blir som då Henrik tok OL-bronse i fjor. Jo verre løypa er, jo bedre er det for Henrik. Vi får sjå korleis forholda er til start, men om det blir tøffe forhold som på trening, kan han gjøre det veldig bra, seier Jonathan Nordbotten.

Og kanskje har Kristoffersen blitt drittsekk nok til å ta ut det beste han har i den isete løypa. Lagkamerat Foss Solevåg merkar i alle fall at noko har skjedd.

– Energien var litt nede, men han er tilbake no. Henrik køyrte veldig bra på trening i VM-løypa. Det blei tent eit lys der, seier Solevaag.

– Ikkje til å stikke under ein stol at slalåmløypa passar bedre

Sjølv synst Henrik Kristoffersen at hans løype var i tøffaste laget på første trening.

– Det var «bumpy», men eg trur forholda blir bra til rennet, seier 20-åringen.

Nordmannen er i sitt sedvanlege, gode humør når når NRK møter nordmannen utanfor VM-arenaen.

Resultatet frå VM-storslalåmen fredag er gløymt. Då datt slalåmstjerna frå 8.-plass til 13.-plass i andre omgang, og var rådvill.

Henrik Kristoffersen

OL-TRIUMFEN: Henrik Kristoffersen tok OL-gull i Sotsji, men føler ikkje at han nar noko å forsvare under VM-rennet i Beaver Creek.

Foto: PONTUS LUNDAHL/TT / NTB Scanpix

Kristoffersen var ikkje i stand til å forklare kva som gjekk gale.

– Eg har sett på video og har enno ikkje noko svar på kvifor det ikkje gjekk raskare, seier Henrik Kristoffersen etter storslalåmrennet.

I dag skal det gå langt bedre.

– Det er vel ikkje til å stikke under ein stol at bakken passar meg bedre i slalåm enn storslalåm. Alle forstår det når dei ser på statistikk og resultat, seier Kristoffersen.

– Har ikkje noko å forsvare

Om ei veke har det gått nøyaktig eit år sidan ein 19 år gamal Henrik Kristoffersen vann OL-bronse i Sotsji.

Formen fram mot den smått sensasjonelle medaljen var fenomenal.

Resultat før OL i Sotsji 2014:

  • Schladming 1. plass (første triumf i verdscupen)
  • Kitzbühel: 2. plass
  • Wengen: 15. plass
  • Adelboden: 3. plass (første pallplass i verdscupen)

Framfor årets VM har ikkje 20-åringen hatt den same framgangen, men resultata viser at Kristoffersen har bitt seg fast mellom langt meir etablerte slalåm-profilar.

Resultat før VM i Beaver Creek 2015:

  • Schladming: 7. plass
  • Kitzbühel: 7. plass
  • Wengen: 3. plass
  • Adelboden 5. plass

At Kristoffersen skulle ha den same utviklinga i år som i fjor var ikkje venta, meiner pappa Lars Kristoffersen.

– På eitt tidspunkt må det flate ut noko. Kurva har ikkje peika like bratt oppover som i førre sesong, men eg vil ikkje seie at det har gått nedover for Henrik. Det går rette vegen, seier pappa Lars.

– Han har ikkje vore dårlegare enn nummer sju i renna han har fullført i år, og det vil eg seie er bra.

– Kor lysten er du på å sjå Henrik på pallen i slalåmen?

– Eg er fornøgd om han køyrer det han er god for, men VM er VM, og då er det 1.- 2.- og 3.-plass som gjeld, seier far.

Så er det opp til sonen å vise om han er i sterk nok form til å kopiere bronse-sensasjonen frå Sotsji i fjor.

– Har du noko å forsvare?

– Nei, absolutt ikkje. Den dagen ein har noko å forsvare er den dagen ein vinn samanlagtcupen, som Hirscher. Før det er det ingenting å forsvare, seier Kristoffersen.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal