Då verdseliten i utfor dukka opp på trening i alpintmekkaet Kitzbühel møtte dei ein mann dei ikkje hadde venta å sjå:
Aksel Lund Svindal, som kjempar ein kamp mot klokka for å rekke VM i USA i februar.
– Eg blei overraska, seier Dominik Paris, som vann Kitzbühel-utforen for to år sidan.
– Han såg veldig bra ut. Han er veldig fornøgd med framgangen. Han sa også til meg at det går bra, men at han ikkje er heilt klar for å køyre renn, seier Paris.
Svindal: – Framgangen har vore strålande
Både Lund Svindal og landslagsleiinga har også latt seg forbløffe av framgangen 32-åringen har gjort etter han rauk akillesen 18. oktober i fjor.
På Lund Svindals heimeside skriv fartsfantomet at han er nær ved å trene for fullt igjen.
– Framgangen har vore strålande, skriv Lund Svindal, som saman med lagkamerat Aleksander Aamodt Kilde testa super-G-løypa i Kitzbühel torsdag.
– Vil være svært overraskande
Gladmeldinga får friske og skadefrie utforprofilar i Kitzbühel til å trekke på smilebandet.
– Eg håpar han kan starte i Vail, seier Georg Streitberger, som har vunne super-G-renn i VM-løypa.
Men konkurrentane er også skeptiske.
– Det vil vere svært overraskande å komme tilbake så tidleg etter å ha blitt utsett for ei så stor skade, seier Paris og fortel at det normalt sett skal gå lengre tid på å trene seg opp etter ei akillesskade.
– Han står veldig bra på ski, men det er bare to veker igjen til VM. Det blir vanskeleg, men ikkje umogleg, seier Streitberger.