Hopp til innhold

Almaty eller Beijing – kven er verst?

I dag vert Beijing eller Almaty tildelt vinter-OL i 2022. Er det rett at det er to verstingar, og kvifor? Vi har prøvd å finne svaret.

Malaysia IOC

VINTERSPORTENS HØGDEPUNKT: Fredag blir det avgjort om det blir Beijing eller Almaty som skal arrangere vinter-OL i 2022. – Det er ein kamp mellom to tungvektarar innan brot på menneskerettane, meiner Human Rights Watch

Foto: Vincent Thian / Ap

Diktatorar er dei einaste som ønskjer å ha noko med IOC å gjere, skreiv Scott Taylor i rivercitysportsblog.com rett etter Oslos sjokk-nei 1. oktober i fjor.

Minky Worden

KRITISK: Minky Worden i Human Rights Watch krev at IOC set makt bak kravet om at menneskerettane må respekterast

Foto: Geert Vanden Wijngaert / Ap

– Dette er ein kamp mellom tungvektarar innan brot på menneskerettar, seier direktør Minky Worden i organisasjonen Human Rights Watch (HRW).

Ankepunkta mot dei to søkjarbyane byggjer i hovudsak på to område: Omfattande brot og manglande respekt for menneskerettar, og uforsvarleg miljøpolitikk.

Vi har sett på nokre av dei:

Almaty

Almaty-logo
Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

– Kasakhstan er i motsetning til nabolanda eit rikt land med gode oljeinntekter, og dei brukar mykje pengar på å marknadsføre seg i utlandet, seier Ivar Dale. Han er seniorrådgivar ved Den Norske Helsingforskomite, som engasjerer seg i menneskerettar.

– Men det står dårleg til med menneskerettane. Opposisjonen blir knebla, og korrupsjonen er stor. Og det har blitt verre dei siste åra, seier Dale, som sjølv har budd i Kasakhstan.

Han fortel om eit land som prøver å gje inntrykk av å bli meir og meir ope og som respekterer menneskerettane, men som i realiteten går andre vegen.

Ivar Dale

TVILAR: Seniorrådgivar Ivar Dale tvilar på om eit OL i Almaty vil føre til lettare situasjon for opposisjonen i Kasakhstan

Foto: Den Norske Helsingforskomite

– Landet blir styrt av ein president som gjer som han vil, og som kjem til å sitje til han blir borte av naturlege grunnar. Han kontrollerer alt, seier Dale.

– Vil det bli betre om Almaty får OL og kjem i internasjonalt fokus fram mot 2022?

– Det veit eg ikkje, men eg tvilar. Det kan like godt hende at opposisjonen nyttar fokuset til å prøve å markere seg, og at regimet derfor strammar endå meir til.

Presidentens alder

Men det er eit usikkert element. Nazarbajev er allereie 75 år. I OL-året 2022 vil han vere 82. Kva som vil skje om han skulle falle bort før den tid, er det ingen indikasjon på. Han har ikkje gitt antydning om kven som blir etterfølgjaren, ifølgje Dale.

– Folk her også er nok redde for at eit OL blir frykteleg dyrt. Men det hadde iallfall vore uaktuelt å ha folkerøysting slik det var i Oslo, legg Dale til.

Men han seier også at terrenget rundt byen er godt eigna til vintersport, med snørike fjell. – Kunstsnø burde iallfall ikkje vere nødvendig, det er godt vinterklima der, seier Dale.

Almaty er byen som i sovjettida vart kalla for Alma Ata, og som ligg like ved Medeo-bana det det vart sett tallause verdsrekordar på 50-, 60- og 70-talet.

– Der har eg sjølv gått nokre rundar, seier Ivar Dale.

Brot på menneskerettane:

  • Ikkje nemnt: Då Almatys OL-søknad vart presentert for IOC i februar, var det ikkje nemnt noko om menneskerettar. Det nærmaste Kasakhstans OL-medlem Zauresh Amantsjolova kom i talen sin, var å love «strategi for vidtgåande økonomiske og sosiale reformer for å utvikle landet.»

Kasakhstans utanriksminister lova i 2008 offentleg at landet skulle forbetre sin menneskerettspolitikk og praksis.

Men så seint som i juni i år melde FNs utsending om svært vanskelege tilhøve for dissidentar til å ytre seg. Også Human Rights Watch er svært kritisk til ytringsfridomen i landet.

16. desember 2011 – på 20-årsdagen for Kasakhstans lausriving frå Sovjetunionen – skaut politiet mot streikande oljearbeidarar i byen Zhanaozen. 12 menneske vart drepne, og fleire dusin skadde, ifølgje offisielle tal. Mange vart i tillegg arresterte den dagen og i dagene etterpå, og fleire av dei skal ha blitt utsette for tortur, skriv Human Rights Watch.

Nursultan Nazarbajev

EVIG PRESIDENT: Nursultan Nazarbejev har styrt Kasakhstan med jernhand sidan 1991

Foto: SHAMIL ZHUMATOV / Reuters

HRW har via ein tredjemann snakka med ein av dei arresterte frå den gongen. Han vart halden innesperra i 24 timar i ein kjellar med vått grusgolv og med ein temperatur på minus fire grader. Det var rundt 150 menneske i rommet på 15 ganger 20 meter, fleire av dei utan sko.

– Det var dette som førte til at presidenten stramma endå meir til og gjorde det vanskelagre for opposisjonen. Før kunne du få kjøpt ein del utanlandske aviser i Almaty, det er det slutt på no. Også internett er det strenge restriksjonar på, seier Ivar Dale.

Året etter starta ein serie rettssaker mot fleire media og opposisjonsgrupper for å stenge dei. Klagemålet lydde på at dei spreidde informasjon som førte til sosial uro og oppfordra til brot mot konstitusjonell orden.

Styresmaktene har heller ikkje stilt for retten folk som drep journalistar, og dermed skapar grobotn for slik kriminalitet, skriv HRW.

  • UNHRC-medlem: Kasakhstan vart vald inn som medlem i FNs menneskerettsråd (UNHRC) i november 2012.
  • I førre veke gav HRW ut ein rapport som fortalde om fiendtlege haldningar og angrep på homfile og lesbiske. Etter at IOC inspiserte Almaty i februar i år, vedtok landet endå strengare lover.

– Homofile, lesbiske, biseksuelle og transseksuelle lever i konstant frykt i Kasakhstan i dag, skriv HRW i rapporten.

  • Pressefridom: På lista til Research Transparency International, ein organisasjon som vurderer korrupsjon og andre samfunnsfaktorar på verdsbasis, er Kasakhstan nummer 154 av 179 land når det gjeld pressefridom.

Miljøproblem:

  • Tung luft: Forureining er Almatys største problem, skreiv Almaty Times for eit halvt år sidan. Byen har godt med drikkevatn. Men det er eit problem at 95 prosent av husa er oppvarma med gass. Her trengst både betre transport og betre filtrering av utsleppa.
  • Biltrafikken i Almaty er tett, og luftforureininga i byen er enorm. Det må i langt større utstrekning brukast elektriske bilar, skriv avisa, som peikar på at landet har alle dei nødvendige råvarene for å få dette til.

– Men mykje kan gjerast ved å rett og slett forby det meste av biltrafikk i byen i tida før eit OL. Det kan eit regime som Kasakhstan berre bestemme, seier Dale.

  • Nasjonalparkar: Dei planlagde utbyggingane er lagt til eksisterande nasjonalparkar. Det uroar miljøforkjemparane, fordi utbygginga av skianlegg så å seie alltid fører med seg erosjon og øydelegg plantelivet. Naturen i nasjonalparkane er sårbar.

Men det er natursnø i området rundt Almaty. Kunstsnø-produksjon blir defor neppe serleg aktuelt.

  • Kort avstand: Men trass i kaotisk og svært forureinande biltrafikk i sentrum, kan Almaty likevel ha ein fordel framfor Baijing: Det er kort avstand mellom OL-anlegga. Alle arenaer, deltakarlandsbyar og mediesenter ligg innanfor ein radius av 30 kilometer.

Beijing

Beijing-logo
Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

– Dei siste åra har Kina prioritert økonomisk vekst og ein liberal økonomi, og dermed har dei stramma inn ytringsfridomen for å unngå sosial uro. Spesielt har dette vore tilfellet etter presidentskiftet i 2013, seier Knut Alsen. Han er seniorforskar ved Cicero, eit senter for klimaforsking, oppretta av Universitetet i Oslo.

– Frykten for sosial uro er nok rettkomen. Det putrar godt under overflata i Kina, og det er mange opprør vi aldri får høyre om, seier Alsen.

Han trur likevel at støtten til eit nytt OL i Kina er sterk, også i folkedjupet.

– Det ligg djupt i kinesarane at dei er stolte over landet sitt, og at dei kan få vise det ut til verda. For dei aller fleste var det ei fjør i hatten å arrangere eit suksessfylt sommar-OL i 2008, og dei vil npk svært gjerne også ha eit vinter-OL, seier Alsen.

– Kva med korrupsjon i landet?

– Det har den nye presidenten slått hardt ned på, og omfanget er mykje mindre enn det var seier Alsen og nemner eit eksempel:

– Der utanlandske delegasjonar vart møtt med overdådige middagar, er det no mottaking på eit langt meir nøkternt nivå. Derfor er det mange luksusrestaurantar i Beijing som har gått konkurs den siste tida, seier han.

Brot på menneskerettar:

  • Feil retning: Xi Jinpin overtok som president i 2013. Sidan då har Kina tatt ei skarp vending i retning av intoleranse for kritikk, skriv HRW i sin World Report 2015.

The most significant legal trend in 2014 has been the government’s effort to further strengthen an already powerful, unaccountable state security apparatus. It adopted an overly broad counter-espionage law and the publication of a draft counterterrorism law that equates peaceful dissent with terrorism, strengthens control over civil society groups that receive foreign funding, and appears to target specific ethnic minority groups.

Human Rights Watch, januar 2015 / Humar Rights Watch

Regjeringa snevra i løpet av 2014 endå meir av fridomen for media, internettbruk, akademisk og kulkturelle uttrykk. Det førte til fleire forfølgingar og arrestasjonar av menneskeretts-aktivistar, advokatar og kritikarar – mange av dei landskjende.

  • Interne arrestasjonar: Samstundes har regjeringa også arrestert tusenvis av medlemmer av det statsbærande kommunistpartiet. Mellom dei er Zhou Benshun, leiaren i delstaten Zhangjiakou, som skal arrangere skiøvingane i OL i 2022 dersom Beijing blir vald som arrangør.

31. august i fjor kom det til konfrontasjon før valet til leiing ved universitetet i Hong Kong. Alle fekk beskjed om å stemme, og berre godkjende kandidatar fekk stille. Studentane kravde at også uavhengige kandidatar skulle få stille opp.

Det førte til streik og bråk, og politi med tåregass. Fleire studentar vart utestengde, andre fekk ikkje lov å reise til fastlandet. Fleire som andre stader i Kina hadde uttrykt sympati, vart arrestert.

  • Dissident-arrestasjonar: Så seint som tidlegare denne månaden kom det meldingar om 13 personar som vart arresterte i ein landsfemnande aksjon mot menneskeretts-advokatar, blir sitjande i varetekt, der det er stor risiko for at dei blir torturerte.

233 menenske vart arresterte i aksjonen 10. juli. Seks av dei har berre forsvunne, melder Chinese Human Rights Lawyers Concern Group.

Artikkel 83 i den kinesiske kriminal-lova tillet at politiet ikkje informerer familiane til dei arresterte dersom dei arresterte er terrorisme eller fare for statens tryggleik, eller om det vil skade den vidare etterforskinga.

Av same grunn kan dei arresterte bli haldne fengsla og under spesielt oppsyn i inntil seks månader. To velkjende aktivistar, Cao Shunli og Tenzin Delek Rinpoche, døydde høvesvis i mars i fjor og i juli i år i fengselet som følgje av manglande medisinsk hjelp.

  • Minoritetar: Kinas politikk overfor minoritetar i landet med 1,3 milliardar innbyggjarar, får også kritikk. Fire av minoritetsgruppene har skrive til IOC for å be om at Beijing ikkje blir vald som OL-arrangør. – Vi har ikkje fått det det minste betre sidan OL i 2008, skriv dei.

As Tibetans, Uighurs, southern Mongolians and Han Chinese we join together to urge you ... not to award another Olympic Games to China," the letter said. "All of the people we represent have suffered as a result of the Chinese government's contempt for human rights. We hope that you are aware by now that the 2008 Beijing Games did nothing to alleviate human rights abuses in China or enhance freedom.

Dei fire minoritetsgruppene, brev til IOC

– Uigurane er eit folk som lever heilt på grensa mot Kasakhstan, ikkje så veldig mange mil frå Almaty. Og dei blir ikkje godt behandla av kinesarane. Der har styremaktene tvangstilflytta kinesarar for å få større kontroll over området, seier Ivar Dale.

Olympics Beijing 2022 Bid

KUNSTSNØ: Her skal dei alpine øvingane under eit Beijing-OL foregå. Men det finst knapt med snø i området, og kunstsnø-produksjonen vil legge beslag på alt vatnet i området

Foto: Ng Han Guan / Ap
Miljø:

– Dette gjer vi på ein øko-vennleg og bærekraftig måte, kallar Kina det. Dei meiner at fordi snøen smeltar, får ikkje dette negative følgjer for øko-systemnet, skriv New York Times i ein reportasje.

Men ikkje alle er samde i det. Mykje av vatnet som forsyner Beijings 22 millionar innbyggjarar blir henta frå dette fjellområdet, og ressursane er derfor allereie hardt pressa.

– Ja, vassproduksjonen i Beijing-området er allereie prekær, seier Knut Alsen.

– Det er ikkje bærekraftig for det som skal til for snøproduksjon, seier Zhang Junfeng, omtalt som uavhengig vassekspert.

Kunstsnø er også uheldig for jordsmonn og planteliv, fordi det legg seg som ei ishinne på jordoverflata.

  • I verna område: Alpinanlegget er planlagt i Xiaohaituo-fjellet i Yanqing nasjonalpark. Det er i dag eit sterkt verna område som mellom anna er stengt for biltrafikk.

Om Beijing vinn OL-kampen, er det her det første anleggsarbeidet vil ta til. Anlegget skal omfatte 140 mål og 940 hotellrom. Kostnaden er rekna til rundt 1,3 milliardar kroner etter dagens kurs.

Styresmaktene i Beijing og skistaden Chongli, der skiøvingane i 2022-OL etter planen skal foregå, har ikkje svart på New York Times sine ønskje om intervju.

– Men reservoir og nødvendig transport av vatnet er allereie på plass, skriv Beijing 2022 i ei pressemelding.

  • Lange avstandar: Vintersportsstadene i Kina ligg 200-250 kilometer frå Beijing sentrum, og det skal derfor lagast både nye motorvegar og jernbanetrasear for trafikken. Både i utbygging og i vegtrafikken ligg det miljøproblem som mange ser på som ei stor utfrodring.

Inne i byen, der alle innandørsidrettane skal foregå, er det luftforureininga som er største problemet. Det var det også før sommar-OL i 2008, og har blitt verre i tida etterpå på grunn av Kinas aukande modernisering, skriv chinadialogue.net.

Derfor lova Beijings borgarmeister Wang Anshun i mai i år forureiningsfrie leikar i 2022. – Vi lovar at luftkvaliteten i Beijing skal halde WHOs (verdas helseorganisasjons) standard i 2022, sa han.

Nye krav frå IOC

Også Almaty har store trafikk- og forureiningsproblem i sentrum. Begge søkjarbyane lovar å gjere noko med det, om dei får leikane.

Det er også eit krav frå IOC. I september i fjor – medan Oslo framleis var på søkjarlista – sende IOC ut skjerpa krav og forslag til løysingar. Desse omfattar mellom anna krav til mest mogeleg miljøvenleg brensel til trafikk og oppvarming, og betre filtrering ved utslepp.

This should be the first of many steps toward ensuring that future host cities fully respect human dignity, as the Olympic Charter requires.

Minky Worden, direktør I Human Rights Watch / hrw.org

Korrupsjon

Begge landa ligg på den øvre halvdel av oversikten over dei mest korrupte landa i verda, ifølgje tal frå Transparency International.

Kasakhstan er nummer 126 av 175 land på lista. På ein skala frå 0 (gjennomført korrupt) til 100 (heilt korrupsjonsfritt) kjem landet ut på 29.

Kina ligg nokre plassar høgare, som nummer 100. På skalaen har dei 36 poeng.

– Kina er eit land med stram organisering, og eit samfunn som fungerer på sine premissar. Mitt inntrykk er at Kasakhstan er eit land der det er mykje meir internt kaos, konkuderer Cicero-seniorforskar Knut Alsen.

Sportsnyheter

Premier League - Arsenal v Chelsea

Leken Ødegaard ydmyket Chelsea: – En magiker

Arsenal dundret inn både én, to, tre, fire og fem scoringer mot Chelsea. Etter to målgivende hagler det med komplimenter til Martin Ødegaard.

Jan Jönsson

Treneren stormet banen, ble utvist og prøvde å klemme dommer: – Ikke akseptabel oppførsel

I kampen mellom Vålerenga og Stabæk ble det baluba på overtid. I sentrum: Stabæk-trener Jan Jönsson.

Siste nytt

  • Medier: Skilegende gjør sjokkcomeback

    Skal man tro sveitsike medier er det ikke bare Lucas Braathen som gjør comeback for en annen nasjon neste sesong.

    For både Blick og Kurier melder at en østerriksk skilegende tar på seg skiene igjen kommende sesong:

    Nemlig Marcel Hirscher (35).

    Ifølge Blick sitter de på informasjon om at Hircher planlegger et comeback for Nederland – og ikke østerrike som han kjørte for tidligere. 35-åringen har en mor fra Nederland.

    Hirscher har enn så lenge ikke bekreftet comebacket selv.

    Østerrikeren anses som en av tidenes beste alpinister og kan skilte med 67 verdenscupseiere. I tillegg vant han verdenscupen sammenlagt hele åtte år på rad, fra 2011/2012-sesongen til 2018/2019.

    – Oi, dette høres spennende ut. Hvis dette stemmer kan det bli et enormt sirkus å følge til vinteren, sier NRKs apinekspert Nina Haver-Løsetth.

    Hun er likevel usikker på om han blir like overlegen som han tidligere har vært.

    – Det kommer helt an på hvor mye han har vedlikeholdt og utviklet seg i tråd med idretten. Nivået har vært skyhøyt de siste sesongene, sier Haver-Løsetth.

    Austrian Alpine Ski World Cup winner Marcel Hirscher attends a news conference in Vienna
    Foto: LEONHARD FOEGER / Reuters
  • Nervøs Alcaraz overrakte gjev pris til Bellingham

    Spanske Carlos Alcaraz innrømmer at han var full av nerver før han mandag skulle gi Jude Bellingham Laureus-prisen som årets mannlige gjennombrudd.

    Den unge tenniskometen bretter ut om følelsene han kjente på før han entret scenen i Madrid.

    – Helt ærlig så følte jeg meg ikke komfortabel i det hele tatt. Jeg var så nervøs, og beina mine skalv. Jeg øvde på talen 50 ganger for å forsikre meg om at alt ble perfekt. Jeg er ikke vant til å snakke foran så mange idrettslegender. Det var en flott opplevelse, fortalte Alcaraz på en pressekonferanse i forkant av Madrid Open.

    Den 20 år gamle verdenstreeren beskriver øyeblikket da han ga Bellingham prisen som «vakkert».

    – Jeg har så stor respekt for ham. Han er en fantastisk atlet, så jeg er glad for at jeg fikk oppleve dette.

    Alcaraz fikk selv prisen som årets gjennombrudd under fjorårets utdeling. 20-åringen har tatt den internasjonale tennisscenen med storm de siste årene, blant annet ved å vinne både US Open (2022) og Wimbledon (2023).

    Denne uken skal spanjolen forsøke å ta sin tredje strake tittel i Madrid Open. Alcaraz er andreseedet i turneringen.

    (NTB)

    Alcaraz
    Foto: AP
  • Nok et tap for Lilleberg og Lightning

    Emil Lilleberg og hans Tampa Bay Lightning tapte 3–2 borte for Florida Panthers, og ligger dermed under 2–0 i kamper av Stanley Cup-sluttspillets første runde.

    Lilleberg fikk 17 minutter på isen og bidro med blant annet ett skudd på mål.

    Washington Capitals v Tampa Bay Lightning
    Foto: BRUCE BENNETT / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal